Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
eg; men eg skal segja deg, eg hev vori ute med Iglane
mine, og tappa fem Pottur Blod av han Unge-Salomon
Storbrekke; eg kunde kje koma fyrr. Elles skulde eg
ha vori upp-hjaa deg for lengi sidan, og takka deg for
at du var so greid og vølte Take paa Skarvehytta mi;
det var eit Mandoms Verk det, Paulus; no er det daa
so mykje eg kann liggje turr um Nætane!
Paulus. Sjaa der, Maren, um ikkje eit Heilagtryne
au kann vera godt for eitkvart stundom.
Maren (blæs veldigt). Pøhh; du bryr deg vel ikkje
um det Tøyse eg for og slarva med hin Gongen i Vinter;
denne stygge Fante-Carolus hadde drukki meg full og
øst meg upp; og daa er eg so grov i Kjeften at det er
spelegt. — Men du kann tru han fekk baka Nasane
sine, Fanten au, etterpaa; splite min Hatt reidde eg han
kje so av, at det fanst kje att ein ærleg Flekk paa han,
korkje bak eller framme. Lusetryne! Og daa han so
vart mjuk, og kom smiskande og vilde gjera seg blid
att, so berre viste eg han den, eg (snur seg halvt og
gjev seg ein Dask bak) og spurde um han vilde kysse
meg der; det tenkte eg kunde vera godt nok aat Fanten.
Paulus. Naa; du skal ikkje vera so reint morsk,
Maren; det kann bli Folk av Fant og.
Maren. Ja vert det Folk av han Carolus, so kann
du hengje meg upp etter den eine Bakfoten midt paa
breidaste Braffetorgi; Gu kann du so; no banna eg au.
Ja var det noko du vilde meg?
Paulus. Eg vil ha deg til Tenestgjente, Maren.
(Ho glor paa han.)
Du skal stelle Huse for meg her, til dess eg fær Kona
mi til meg att; og er det so du kjem til Lags med henne
au, so vil eg ha deg lenger. Noko Løn vert det ikkje;
men ein Matbite fær du ender og daa; og kann eg elles
gjera deg ei Beine, med Arbeid i Onnetider eller so–
90
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>