- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
158

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Verdi vert verande det ho er. Magti raar; og Magti
er money. Pengehelvite kann me banne; men me
sløkkjer det ikkje. Minst med Petroleum.

Upprør styrkjer Magti: lærer ho aa tryggje seg. Den
store Umstøyten gjorde ikkje Ende paa Trældomen; gav
han berre nytt Namn og ny Ham; sidan er han vortin
verre og ikkje betre.

Dei gamle Trælane hadde kvar sin Herre aa halde seg
til. Og Herren kunde tyne deim eller svelte deim; men
det lønte seg ikkje; sveltefodre ein Træl var ikkje
klokare enn aa sveltefodre ein Hest. Trælane fekk so dei
greidde seg; ofte greidde dei seg godt.

No er det verre. Trælane er frie; d. e. herrelause.
D. e. forsvarslause. Herrane er andsvarsfrie som fyrr,
og frie det gamle Forretningsandsvare attpaa. Dei
brukar Trælar naar dei treng Trælar; sparkar deim sidan
ut. Og Trælane maa vera glade so lengi dei tenar so
mykje at dei nettupp kann liva.

No tek Arbeidarane til aa skyna at dei maa halde
ihop. Og held dei godt ihop, baade imod Herrane og
imot den Flokken som gjeng og svelt, so kann dei halde
Lønine rett godt uppe — i gode Tidir. Men di større
Arbeidslønir, di fyrr kjem det Nedgangstidir og
Ar-beidsstansing. Og no lærer Herrane paa sin Kant aa
halde ihop.

Det ser uhuglegt ut stundom: spøkjer for nye
Revolusjonar. Men Magti er paa Pengesida. Sosialistar og
Anarkistar kann hava Krut og Dynamit; men det
kristelege Samfund hev meir Krut og Dynamit, og dertil
Folk som er upplærde til aa bruka Krut og Dynamit;
med eit Par Kanonar kann dei paa ein halv Times Tid
gjera dei største Arbeidarbyane til Lapskaus.

No er ein ny Tanke uppkomin. Og uppkomin i
Amerika; kann daa ikkje vera berre Draum. Lat Folke faa

158

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0162.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free