- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / V. Læraren. Den burtkomne faderen. Heimkomin son /
184

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

XLII.

Eg kjem til aa sakne «Sant Paal», Bror min.

Trøytt kom han av Arbeid; tolmodig sat han hjaa
han Tarald og las og song; Gamlingen skyna kje stort,
men trudde paa dette. Sidan sat Bror min hjaa meg og
svara paa mine Spursmaal.

Han hev eit godt Lag; det fylgjer Fred med han; eg
var trygg, naar han sat her. Mangt sagde han og, som
eg laut hugse og tenkje paa; og det var der Hjelp i; so
sleit eg ikkje so mykje paa meg sjølv. Og eg sov betre
dei Nætane.

Han er ein Svarmar som Meistaren hans. Fekk denne
Kristindomen Magt, so maatte Folk gjeva seg fraa
Verdi, og Lande gjekk under. Det gjer det likevel; for
det er gamalt og himilsjukt, og hev lite Framferd i seg
Men meir Himilsjuke vilde skuve Feigdi fram, og Bror
min vart ein av dei faarlegaste, um han fekk Mengd
med seg.

Men det fær han ikkje. Svarmingi hans er meinlaus
og mild. Utan for han sjølv; for av seg sjølv krev han
mykje. Han drep seg. Hadde han livt i ei onnor Tid,
so hadde han vori Profet. Folk hadde gjort han til
Messias eller Buddha; og Prestane hadde tynt han, og sidan
skori seg Livebrød av hans Dygdir.

Men Paal vil ikkje vera Profet. Han blandar seg burt
millom Farrar og Kvaksalvarar og Folk med eit utrygt
Ord, og gjev sitt Liv so ingin veit um det. Dette er
sann Kristindom. Og sann Kristindom er upraktisk
Kristindom, som aldri fær Magt.

Men eg saknar Bror min. Eg hev teki til aa faa Tru
paa han. Og der er Frelse i aa tru paa eit Menneskje.

For trur ein paa eit Menneskje, so trur ein paa noko
som er meir enn Menneskje. Eg tek til aa tru at her er

184

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Thu Sep 12 14:19:03 2024 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/5-1944/0188.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free