Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Eg lagde det burt; men fekk ikkje Fred og tok det att;
lika meg slettikkje. I Skulen stod eg tidt og traatt og
fortalde Borni Ting som eg sjølv trudde berre so maateleg.
Daa var det at eg fann paa aa gaa i Kvernhusheidi.
Det skulde vera Evangelie han heldt seg til, han Paal;
og kven som vilde kunde vera med i Sundagsstundine
hans; kannhende ein der kunde faa Greide paa eitt
og anna.
Han skulde vera Ranglærar. Men han heldt seg til
Jesus, sagde dei; og gjorde han det, so skulde eg vera
forvitin paa, köss han greidde dei andre. Ja det skulde
vera snodigt aa høyre um han fekk Jesus sjølv til aa
hange ihop. Lat gaa, tenkte eg; det er ein Freistnad;
gjeng det ikkje, so er det ikkje meir; eg gav meg til aa
gaa i Kvernhusheidi.
Til Folk som spurde kva ein Skulemeistar kunde hava
der aa gjera sagde eg, at eg vilde sjaa um eg kunde faa
Greide paa den Mannen. Det same sagde eg til
Kapellanen — han som er her, naar Presten er paa
Stor-thinge —, daa han tok til aa spyrja etter. Og eg gjorde
meg kaut: «det maa vera Raad aa faa Greide paa han
Paal,» lét eg um, «naar ein fér smaatt og gjev seg
Stundir». (Smaalygnir fær ein Tenar ikkje vera rædd.)
Kapellanen vara meg aat; men i Grunnen lika han at
eg lagde meg paa Lur etter Paal; denne Ranglæraren
som ingin fær Tak paa, og som er so vidt Teolog at ein
vanleg Prestemann ikkje letteleg set han fast, er dei i
Beit med, Kyrkjeherrane. Eg skyna at dette var eit
Høve som eg fekk nytte ut. «Sjølvsagt skal eg fara
var-legt,» sagde eg, «ikkje minst for Skulekrinsen si Skuld.»
Kapellanen bad meg agte meg, men sagde ikkje meir;
eg heldt daa paa og gjekk i Kvernhusheidi.
Men eg tok det «i Ridir og Rykkjetak», so Folke i
Krinsen ikkje skulde bli rædde. Det er ikkje greidt for
202
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>