Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Daa Nils var gjengin spurde eg: «kva Raad tru me
skal hava for det at Ungdomen vert so heimlaus av seg?»
Paal trudde ikkje det var so spelegt som det syntest.
«Ungdomen vert heimkjær att; Amerika og Byane
fyllest, og naar ute er freista er heime best. Verre vert det
naar den Dagen kjem, daa Ungdomen spyrr etter Jord
og ikkje kann faa; og den Dagen er ikkje so langt burte
som me tenkjer.»
— «Du er komin til Lags med han Salomon au att
no,» sagde ein; «men han hadde mykje aa segja paa deg
ei Tid.»
Paal lo. «Det var med han Salomon som med hitt
Folke; han trudde eg var galin. Men det lagar seg alt,
berre ein ikkje kjem i Ulag sjølv.»
Tekst: Rikingen og Lasarus.
— — Det store Kjærleiksböde finn me paa kvart Blad;
Sogo um den rike og Lasarus slær det fast paa sin Maate.
Denne Rikingen er det Inkje aa segja paa. Anna enn
dette eine, at han læt Armingen liggje hjelpelaus
utanfor Døri si.
Men det eine er nok. Me veit kva Domaren vil segja
til deim paa den vinstre Sida; og me veit kva der stend:
den som ikkje elskar Bror sin som han ser, kor kann
han elske Gud som han ikkje ser?
Den Stundi kjem daa alt snur seg: Rikingen vert pint
og Armingen fær kvile. Ser ein Naud og kann hjelpe
men læt vera, so skal det koma ei Tid daa ein sjølv lid
Naud, og daa andre kunde hjelpe men læt vera. Fyrr
hadde Rikingen Tenarar i Flokketal til aa hjelpe seg
med alt; no kann han ikkje faa Hjelp av Lasarus
dessmeir, og det um han er aldri so i Beit; og naar han vil
hava Lasarus heimsend til aa vitne for Brørane sine,
221
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>