Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Samanheng med dei tvo fyrste. Men Lukas var
Paulus-Svein; han hev visst, at Løysepeningen var
Paulus-Evangelium. Me finn Orde i dette Paulusbreve. Og hjaa
Paulus med hans Soningslære høver det; men hjaa Jesus
med hans Lære um Faderen feil det reint framandt.»
Eg vart uroleg: «men Soningi er daa ikkje berre
Pauluslære ?»
«Med Jesu Evangelium er ho i Strid,» svara Paal.
Eg minnte um Nattverdordi; «der talar Jesus sjølv
um Blode som er til Forlating for Syndine.»
«Det meste av Nattverdordi finn du i fyrste
Korintiar-breve,» svara Paal; «der fortel Paulus, at han hev fengi
deim, ikkje av Apostlane, men ifraa Herren. Ordi er
heilt paulinske; korkje Blode til Syndsforlating eller
Blode til den nye Pakti vil klinge i hans Munn som lærde
oss den femte Bøn i Fadervaar, og som forsikra, at kvar
Bokstav og Tytill av den gamle Pakti skulde staa til
dess Gudsrike kom.
«Det me no kallar Kristindom er i det heile
Pauluslære, med nokre Tillegg fraa Nikæa-Møte og seinare.
«Paulus tolka Jesu Livsverk paa sin Maate. Dette lét
seg gjera; Sogune um Jesus var ikkje skrivne i hans
Tid. Og av Apostlane fortel han sjølv at han Inkje hev
lært; det Evangelie eg forkynner, segjer han ein Stad,
det lærde eg ikkje av noko Menneskje. Han og dei andre
arbeidde paa kvar sin Kant au. Og han kunde gjerne
tala um sitt Evangelium, som han fleire Stadir gjer;
det var eit anna enn det Jesus forkynte. Men det vart
godkjent meir og meir etter som Heidningkyrkja voks;
sumt av det hev au vunni Inngang hjaa dei jødekristne.
«Soleis Orde um Løysepeningen. Dette Orde hev
smaka mange og vorti spreidt og kjent; sume Stadir
hev det vori teki for eit Jesusord. Men hjaa jødekristne
hev det forma seg litegrand um. Etter jødisk Meining
260
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>