Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
348
KNUDAHEIBREV
soge. Fant braut ikkje inn hjaa Fant. Naar Fantane
saag denne Fantestogo her, so skunda dei seg berre
aa koma lenger. Ho tok seg fyri aa gjenomgranske
den Halmsekken som gjeld for „Madrass" i
Knudaheibakken. Daa ho kom til Botnen paa den Halmsekken,
so laag Setlaboki der.
Tjah! Kvar skulde ho elles ha vori? Du skynar
kannhende ikkje det, du. Og i Grunnen . . . det ser
rart ut. Kva skulde ei Setlabok ha i Sengehalmen aa
gjera? Men kven veit. Kannhende hev
Knudaheibakken fengi Tunkall. Og han kann ha vilja minne
meg um at han maa hava Grauten sin til Kvelds, um
alt skal ganga paa rette Maaten. Eg fær tenkje paa
det–—
XI.
Knudaheibakken 24. (5. 1002.
Du Steinar!
Eg vert meir og meir Jærbu di eldre eg
vert. Meir og meir skynar eg at me hev Rett her
paa Jæren naar me segjer: Maten og Gudsord. For
hev me det, so fær me alt anna attaat.
Gudsord, segjer eg. D’er kje Danskemaale eg meiner;
for det hev me nok av og meir til. Eg meiner Svare
paa Livsspursmaale vaart: kva me er til for. Og
serskilt meiner eg eit Svar som kann hjelpe oss
Ikkje-Filosofar. Filosofane er det kje faarlegt med; lat deim
gange til Helvite. Eller som det heiter paa deira
Maal: slaa seg paa Pessimisme. Men skikkelegt Folk
som skal arbeide og halde Verdi i Gang, dei treng eit
rimelegt Svar paa Livsspursmaale sitt. Og no hev eg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>