- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
362

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

362

KNUDAHEIBREV

Krossar og Underskot og Bakskot, og Svartemennane
lagar Gravpreikur det beste dei hev lært, so rett som
det er stend Folke der som ingin Ting var, modigt
som Sattan. So her er visst ikkje anna aa gjera enn
drive paa og stræve i Veg og sjaa köss det vil laga seg.

Ikkje minst her i Heimbygdi fær eg denne Trui meir
og meir. Sjølve Utfararstraumen er ikkje so speleg
som han ser ut til. Utfararhugen er gamall hjaa
Nord-mennane, og Heimatthugen vil styrkjast etterkvart, so
visst som han alt hev vakna. Det fer elles fleire av
enn fara vilde um alt var rett stelt; vert det ein Gong
meir Jord heime aa bu paa, vil Straumen minke.

Bonden fær ymist høyre ille for at han ofte sit med
meir Jord enn han raar med, og endaa læt Ungdomen
fara. Men det er ikkje so beintfram. Ikkje vil eg
døme i den Sak. At Bonden held paa Heim og
Ættegard, so han lite likar aa skifte ’n sund eller selja burt
av ’n, det er rimelegt og med Maate rett. Eg kjenner
det kann svide jamvel i ein Heimlausing som meg aa
sjaa Heimgarden sundbytt. Me fær takke til at Folke
hev so vidt Samanhang med Heimejordi som det hev.
Med det andre vil det laga seg. Alt no vert Gardane
skifte naar dei er uppdyrka nok til aa føde tvo forein;
og den Vegen ber det meir og meir no, daa det mindre
vert Viddi enn Drifti det spyrst um.

Fortare kunde det gaa. Men so er det no vel att
ei Stund til Domedag enno.

XII.

Knudaheibakken 12. 7. 1902.

Du Steinar!

— Golvsand hev du vel høyrt gjeti. Eller lesi um
i Bladi, um ikkje meir; for der skal alt inn no, Rusk

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0370.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free