Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
379 BREV UM FINNEFERDI 1905
altfor godt, dette halvdanske Fuskenamne fraa
Dansketidi. Fagert ligg „Trondhjem" og storfager er
Trond-heimen; gamall Dyrking og gamall Folkeskikk er det
faste Grunnlag her, med alt framandt og ferskt som
hev sprengt seg inn i seinare Tidir.
Det leid til Kvelds fyrr me vann ut
Trondheims-fjorden. Og daa det her ikkje er mykje aa sjaa, lagde
me oss tidleg; det vart nok aa vaka etter sidan, meinte
Kapteinen. Her upp-etter saag eg daa inginting. Fyrr
paa Nedvegen att; daa merkte eg meg mill. a.
Namsos, nørdste Byen i Trondheimen. Stor er han
ikkje, men i god Vokstr; og vent ligg han til millom
Fjell og Skog og grønt Land. Reint sørlendsk ser han
ut paa ein Sumardag, so ein hugsar ikkje at ein er
so langt nord.
Ved Helgelandsflesa tek Nordland til.
Heil horn i, tri kvasse Tindar med den norske
Bukken til Førar, er rekna for dei fyrste
Nordlands-fjelli. Og so glid det snart heilt inn i det nordlandske
Æventyr. Det er ein Draumheim i Stein. Solklaar
laag han no, og tindrande ljos; men annarleis vil
han sjaa ut naar alle desse fine Fjell dreg Skoddehetta
um Hovudi, eller stend frosne og islagde nedvelte
i Brotsjø, med Ishavsstormane tutande og beljande
ikring seg.
Det liver og diktar kvar ein ser. Der hev me t. D.
Lekamøyi. Hestmannen der innanfyri elska
henne men fekk nei; skaut so etter henne med ei
Pil som kunde kløyve Tindar. Men ei Trollkjempe
som vilde Lekamøyi vel slengde Hatten sin i Vegen
for Skote; Pili gjekk tvertigjenom Hatten og vart
dermed døyvd; men Hatten ligg enno der paa Torg-øy
med Sköthole igjenom seg; heiter daa Torg-Hatten.
Soleis liver det med Segn alt Nordland upp-igjenom.
Kvart Nes hev sin Draug og kvar Tind sitt Troll;
Hav og Høgfjell møtest her; og Havdraumar og
Fjell-draumar glid saman.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>