Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
381 BREV UM FINNEFERDI 1905
Maal i Nordland? Bymaale vart reint kvardagslegt
mot det. Ikkje mange var dei Ordi som vart bytte;
Tid til aa kaste burt hadde me ikkje, veit du. Men
enno hugsar eg kor fint den Nordlandskjeringi tala,
og kor det tok meg nettupp i dei Dagar aa høyre eit
Par norske Ord millom all den Rikdom av halvdanskt.
— Vere var vent og Ferdi fin, utanskjers som
innanskjers; sjeldan hender det visst at
Nordlands-draugar og Finnetroll held Midsümarhelg so lengi. Og
nye Synir var stødt aa sjaa. Trollheimar og
Gude-borgir kom og kvarv; Namn nemndest og byttest.
Augo arbeidde med Sjaaglas og Sjaarøyrar all dei vann,
og Hovud samla Bilæte og laga Landkort etter beste
Magt, eller granska Landkort. Kvile vart det mindre
og mindre med. Ein hadde ikkje Ro til aa kvile. Og
no tok sjølve Nætane til aa koma burt for oss.
Stort var Fylgje, og gild Baat hadde det: „Hera"
fraa Bergen, Kaptein Hansen. Doktarar som kom fraa
Lækjarmøte i Trondhjem hadde leigt Baaten; dei vilde
nytte det dei enno hadde att av Sümarfritid til ei
Finneferd. Og so hadde det høvt seg so vel for
Hulda, at ei Doktarfrue ho kjende tok henne med; og
Hulda hadde fengi meg med; Prisane var ikkje større
enn me greidde deim. Soleis hadde alt laga seg; og
glade var me.
Baaten var full av Fritidsgeografar, Kvende og Karar,
med Kikarar og Kort og Yngvar Nielsen. Og gild vart
Ferdi paa all Vis. Vére var fint, Skuta god, Kapteinen
greid, alle Mann i Lag; det gjekk med Samtale og
Skjemt, Moro og Musik, Gaman og Geografi og kva
som fyri kunde falle. Lag hadde ein eller fekk ein;
jamvel eg, Tverdrivaren, fekk Kjenningar; og vilde ein
vera for seg sjølv so kunde ein det; huglegt og greidt
var Live umbord fraa Fyrstningi og til Slutten. Lækjaren
er streng og plent naar han stend i sitt Arbeid, der ei
Tankeløyse kann koste Liv; dess meir hugsam kann
han vera naar han er fri og „berre Menneskje." So
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>