- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Forteljingar. Kvæde /
11

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Kapellanen vilde òg gjerne høyre fraa Utlande. Koss
stòd det til med Kristindomen i Frankrike? — Aa, so
ymist. Det var der som her: der var Folk av alle Slag.
— Men var daa ikkje Stormengdi ukristne? — Aa, av
upplyste Folk var det vel minste Flokken, som ein
kunde kalle kristne. — Men Live der nede? Var der
ikkje svært med Rotinskap og Tuktløyse? — Aa, naar
ein rekna ifraa visse Lag, i visse Byar, so kunde det
vel vera paa Lag der som andre Stadir. — Jaso. —
Balle skjegla ustødt burt-paa Hauk og tala ikkje vidare
med honom sidan.

Daa dei kom fraa Borde vart det framsett Ettermat
med Vin; Pipa kom og fram. Samrøda gjekk like radt;
men det var enno Hans som svalla mest. Han var ein
frisk, glad Gut; Mori sat og hugga seg med aa sjaa paa
honom. Presten og Balle sat og røykte; glytte av og
til burtaat Hauk, som sat noko ifraa ved eit mindre
Bord og smaasvallar med Ragna. Prestane var meir
tegjande, og Balle saag ut til aa like seg lite, alt um han
prøvde aa tvinge seg. Hans forstod dette og lo. «Bry
dykk aldri um Hauk,» sagde han. «Han hev vori i Paris
han, og lært Franskdom, so no likar han best
Kvendelag; men berre bie eit lite Grand, so vert han snart
norsk att, held seg til Pipa og Glase og læt Kvinnfolki
hytte seg sjølve.» Balle beit seg i Lippa; Presten
smaa-mylte: «Ungdomen er meir bljug av seg her i Norig,»
sagde han.

«Det er sant,» tok han atti; «du hev vel lesi denne
nye Novellen, «Virginia», som Folk hev venta so lengi
paa?»

«Virginia? — huff! det er ei fæl Bok,» svara Hans og
smilte.

«Fæl?» sagde Kapellanen frettande.

«Det er ei Skandalbok! — segjer Kristiania. Ho hev

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1944/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free