- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
8

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men i Paris er Timane stutte og Vegane lange. Daa
eg var ferdug med mine Smaaærend, var Klokka
burt-imot halv tvo. Og no viste det seg, at der enno var
eitt og anna aa pakke ned; eg hev det i det heile so, at
eg aldri vert ferdug fyrr i seinste Lage.

Daa eg endeleg heit og forkava stod ned-i Porten med
Kufferten og Overfrakken i den eine Neven og
Regnhatten i hin, fullt ferdug, alt greidt, tok det til aa gry
for meg, at det er lenger millom Avenue des Ternes og
Nordbana i Paris enn det er millom Vollgata og
Aust-bana i Kristiania. Daa eg hadde fengi den Tanken klaar
for meg, kann du tru eg kom i Veg. Ned paa Plassen
etter Vogn som eg var kasta. Der stod ei. Berre ei;
men det var nok. «Til Nordbana!» Kusken riste paa
Hovude; han var ikkje ledig. Berre ei einaste Vogn aa
sjaa, og den var utleigd; mer ei!

Med Anden i Halsen og Augo i Haargarden arbeidde
eg meg upp yvi Gata i den heite Ettermiddagssoli; her
maatte daa vera Vogn aa faa! Ja det kom Vogn etter
Vogn. Men alle var dei utleigde. I den eine sat det
ein Mos jø og las i Figaro, i den andre ei Madame og
viste fram sin nye Hatt; gjev dei var paa Bloksberg! Eg
arbeidde meg fram, sveitande som ein Ploghest; vond
var eg; trøytt var eg; og Klokka! Der stend ei Vogn.
Cocher! Gare du Nord, s’il Vous plait! Eg uppi. Non,
non, skreik han, je suis gardé! ikkje han heller var ledig.
Kvi stend du her daa, din Smørtjuv, tenkte eg og baska
meg ut paa Gata att; kor skulde dette gaa? Soli steikte
som ho vilde brenne meg upp; og alle Vegar var
endelause. Og Klokka! Klokka! Eg gjekk og glodde etter
Vogn som eg vilde glo Hol paa Husveggine. Men
raad-laust var det og raadlaust vart det, alt til dess eg kom
upp til Triumfporten.

Merd: Takk.

8

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0010.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free