Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
med honom; no turvtest det ikkje so mykje; og eit
Telegram maatte vel Mannen tru.
— Eg gjekk.
Konsulen var Nordmann. Han budde i det finaste
Stroke av Byen, endelaust langt av Stad. Eg køyrde
med Sporvogn eit Bil; gjekk eit Bil; tok ny Sporvogn;
gjekk endaa eit Stykke; endeleg var eg framme... og
raaka Konsulen i Porten paa Vegen ut.
Det var ein fin, braakfri, hyggjeleg Mann; me gjekk
att og fram i Portrome hans og talast ved ei god
god Stund.
Eg viste fram Passe og Telegrame. Han kunde Inkje
segja; Papiri saag ut til aa vera i Orden.
Men dersom eg kunde tenkje meg, kor mange Pengar
Konsulate hadde tapt paa reisande Nordbuar!
Konsulen nemnde Tale; det var so stort at eg vaagar ikkje
aa herme det, — u m eg skulde ha mishøyrt meg. «Og
De maa kje tru at det berre er Smaafolk som hev narra
oss,» sa han; «nei; det er Folk i alle Stellingar; De
trudde meg ikkje, um eg vilde nemne Namn. Eg hev
ingi Mistru til Dykk personleg; men De forstend...
med dei Røynslur som me hev, so er det kje Raad; me
hev vori nøydde til aa gjera oss til Prinsip aa aldri
laane. Vaare kjære Landsmennar der uppe er framifraa
Folk; men... meir sætande kunde dei vera. Dei hev
liksom ikkje den rette Kjensla av, at ein Lovnad bind
sin Mann; dei tenkjer som so: kva er eit hundra Kronur
eller tvo for eit Konsulat? — Eit Ord er eit Ord; men
ikkje kvar Mann er ein Mann.»
— Snyteskafte hadde havt Rett, forstod eg. Eg gav
upp alt. Aa; det kann vera vondt stundom aa høyre til
eit Folk som ikkje er heilt upp sætande.
Vonlaus og raadlaus tok eg til aa snakke um
Pante-laanaren; inn Herr Konsulen kjende ein rimeleg Pante-
31
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>