Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
som stend rett ned av Osen, ei Mil ifraa men tett ved
likevel, veldigt og blaatt, med breide rolege Rundingar
og liksom ein Ljoske yvi seg, eit sant Østerdalsfjell.
Men Saval-Sjøen tøygjer seg blaa og blank ei halv Mil
ut-yvi, med ein Skogkrans ikring av Furu og Bjørk, og
med Vordir og laage Aasar paa Sidune. Fint og rolegt
dreg dei seg ut-yvi, desse Aasane, med lange mjuke
Rygningar gule av Reinmose, sterke og reine i den
klaare Lufti. Gjenom Skare i Sudvest ser du
Foldals-fjell og i klaart Ver Rundetoppar; i Vest stend det vene
Einundfjelle med sine mjuke Linur; og i Nordvest og
Nord dreg Lande seg uppetter i lange Lidir og Kvelvar
til Marsjøfjell, Gruvefjell, Storhø og Savalkletten. So
kjem i Nordaust eit lægre Lende med Ryggir og Rés
og smaae Bergufsir yvivaksne med Skog; inni der bur
det Bjørn, segjer dei. Men alt dette som ligg i
Halvringen fraa Nordvest til Nordaust kann eg ikkje sjaa
her fraa Kolb... fraa Garvika; den bratte Skoglidi
ovanum Huse stengjer det burt. Men berre eg kjem
uppaa Bakken, upp i Bjørkelunden, uppaa den vejle
grøne Bekkevollen som han Ivar hev døypt V e 11 i r, so
ser eg det meste av det; og tek eg Baaten og ror ut
paa Sjøen, ser eg det alt.
Sjølve denne lange myrke Furu-Lid ovanum Huse og
rundt ikring er elles so fager, at eg ikkje saknar det ho
stengjer ute. Og i denne Lidi liver det Storfugl. Her
fyrr i Sümar kunde det hende at det fyrste eg saag um
Morgonen var ein Tiur som gjekk der nede og spanta;
skulde vel hava seg sin Morgon-Drykk. Og fram-etter
Dagen, naar eg var ute og dreiv, flaksa det Storfugl upp
framfor Føtane mine rett som det var, han svart og
veldig, ho graaspettut og diger og moderleg, og flaug i
Veg med svære, plaskande Vengjatak som eg høyrde
Vord: rundbygt Fjell.
41
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>