- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
42

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

langt burtgjenom den tette Skogen. Det var mine
Fuglar. Daa det leid noko lenger utpaa vart dei burte for
meg; men dei kjem nok att. Og det lyser eg hermed
for alt Folk, at kjem det nokon og skyt desse store
fagre Fuglane, so skal han vera min Uvén for Livstid.
Det skal eg aldri tilgjeva.

Naar eg kjem upp-aa Høgdi, breider Savalen seg ut
for meg med sine Holmar og Fjordar og Nes. Ikkje heile
Sjøen ser eg, so her paa Nedre-Høgdine; serleg gøymer
Nord-Fjordane seg burt; men endaa er det ein Storsjø
eg her hev framfyri meg. Og han er venare enn han er
stor til; aldri saag eg noko so blankt og blaatt.
Høgfjells Himil avspegla i kjeldeklaar Sjø; noko friskare og
reinare kann du kje ut tenkje. Og fraa Strendane rundt
ikring speglar seg Reinmosefjell og skogklædde Aasar;
lengst nede Tronfjell i si rolege Høgd.

Ved Solegladsbil fær dette Storfjelle stundom ein
serskild Glans yvi seg, ein raud, linn Solglim som Skin av
ein Eld; ein kjem til aa tenkje paa sveitsisk
Alpen-gliihen. Speglar so dette Høgfjell-Skine seg i Savalen
millom det furugrøne og bjørke-ljose fraa Skog, det
reinmose-gule fraa Aas, det himilreint blaae fraa Luft,
— daa vert det eit Bilæte so draumfagert i sin mjuke
og skifterike Glans, at du er ikkje i Verdi lenger, men i
Eventyrheimen.

Skog-grøne Nes tøygjer seg ut i Sjøen det eine
utanfor det andre; det gjev Liv. Tvo skog-grøne Holmar,
Skolholmen ut-imot Osen og Svarthugu (-hovud) her
inne ved Garviki, tøygjer seg burti Vikine att; det
skifter med Bugtir og Skognes so langt du kann sjaa,
heilt til Auga naar Osen og fær kvile mot den breide
Barmen aat Tronfjell.

Um der er Fisk i Savalen? — Ja det maa du tru.
Men han er ikkje god aa faa Tak i. Vil du fiske med

42

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0044.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free