- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
56

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— At eg ikkje hev skrivi fyrr? Ja du kann so segja.

Det var ikkje Stundine som skulde vante i Aar. Eg
var so fri ein fant som Jordi kunde bera; ingin aa tene
hadde eg, og ingin aa faa Løn av. Eit lite Arbeid hadde
eg lova burt, men det skulde eg ikkje fortaka meg paa;
eg hadde fengi Pengane fyriaat. Det var nok so at eg
gjekk og maksla paa ei ny Bok — ein Bonderoman fraa
Vestlande; ei Sogu um Fetischen som bind Presten og
Presten som bind Bonden —; men den hasta det kje
heller med; etter «Mannfolk» kunde det endaa vera eit
Spursmaal um eg fann Reidar til ho.

Eg var glad i Grunnen. Posten min skulde eg ikkje
sakne so lengi eg aatte ei Halvkrone; og so fri
som no hadde eg ikkje vori paa mange Aar. Det
skulde vera Herreliv aa gaa laus so lengi som tvo-tri
Maanadar.

Framtidstankane tyngde meg mindre enn du trur. Eg
var Ungkar og Spélemann og skulde vel alltid tene det
eg turvte til meg sjølv; det vart mine Kravshavarar som
fekk svide.

Men Verdi er ikkje som ein trur. Du kann drøyme
at du er fri som Ørn i Sky; men naar du vaknar sit
du i Bure ditt like godt, og kann ikkje koma ut um du
drap deg.

Eg sat i Kolbotnen fantefri og fornøgd og gav all
Verdi ein god Dag; men daa eg skulde sjaa meg til, so
var det Bure eg sat i, her som ein annan Stad.

Pengesorgine tok til aa koma etterkvart; og so er det
desse Gjentesorgine ein Ungkar jamt skal hava aa
dragast med. Ja; for no, daa eg hev misst det meste av
Haare mitt, og tri Jekslar, og dertil mitt gode Namn ...
no var det ei som tenkte at dette kunde vera noko aa
gifte seg med. Og daa eg etterpaa alt hadde misst
(Bok-) Reidar: Forleggjar.

56

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0058.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free