- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
59

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Røykjer; skriv Brev. Det lid paa Dagen. Eg fær ut og
drive ei Stund; er hugsjuk og leid; Luft kann turvast.
Det hev vori sturt og tungt heile Dagen. Utrivelegt;
Himilen full av flakkande Skyir som sanka og spreidde
seg; kvit Skoddehatt paa Trona. No set det seg meir og
meir til i Aust. Det er svart yvi Aasane; Skoddehatten
paa Trona hev vorti ein uhorveleg Skysekk som
gøymer halve Fjelle. Nordetter, mot Tynnset, svartnar det
like eins. Det er eit fælt, tungt kolblaatt-svart, som i
Riftine millom Skylagi skifter yvi i blaagrønt, ein
underleg sjuk Farge midt imillom havgrønt og flaskegrønt.
I Nord og Vest ljosare; jamt graatt; gul-dæmt her
og der.

Ender og daa kjem det ein litin Vindstøyt; so er det
stilt att.

Eg gjeng upp Lidi og kjenner meg aaleine i Villmarki.
Det myrknar. Eg ser paa Klokka; kannhende lid det
lenger enn eg veit. Klokka hev stana. Det er som eg
ved dette vert endaa meir aaleine. Som eit Lik ligg
Klokka og tyngjer i Vestelümma mi; eg er det einaste
bankande Hjarta i denne veksande Natti.

Det snikjer seg ei Kaldrædsle yvi meg. Eg tenkjer
paa henne, men kann ikkje tenkje i Samanheng.
Tankane vert fælne; rømer ifraa kvarandre og søkjer ihop
att; driv som Skyine deruppe; sprengjest; samlar seg i
myrke, tunge Flokar som kastar djupe Skuggar
ned-yvi Heilen min.

Ender og daa kvekk eg upp av at det er so stilt. Eg
ser meg ikring og kjenner meg utrygg.

Sjøen der nede ligg graablank og tung som Bly. Eg
er rædd Lomen skal skrike burti Skolholmen; hans
Draugeskrik vilde skræme meg no. Kva er det eg er
rædd? — Eg raar ikkje heiltupp med meg.

Heile: Hjerne.

59

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free