- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
71

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Dag! Og Dagen strøymer fram gjenom Dalar og Djuv;
og det vaknar vest i Rundom. Daa er det so friskt at
daude kunde vakne; og Snøen paa Høgdine glimar i
raudt.

So arbeider Soli seg upp yvi Bergryggen med den
eine Kanten. Vinn seg smått um Senn upp med heile
Skiva. Glid fram yvi Lomsjødalsskare vinterkald og
stor. Laagt sigler ho fram yvi Aasane.

Og Himilen lyfter seg frostblaa og høg; det er so
klaart at ein ser Furugreinir teikne seg filigranfint paa
den luftblaae Grunnen milelangt burte. Og Aasar og
Fjell stig fram i den snø-ljose Dagen som modellera, i
alle sine fulle breide Formir og i alle sine fine faste
Drag; det er ikkje Flatur lenger; alt er Likam,
Runding, Plastik; det er kvite veldige Gudekunstverk meisla
for Ævords Tidir.

Der uppe paa skinande Marmorhøgdir, under høg
Himil, i dette Hav av Blaatt og Soltindring, leikar kvite
Aandir i Dans som ingin ser. Det er fredlyst og
fred-stilt. Helg yvi Viddine. Høgtidsfred.

Rundane blaanar nede i Vest, snøklædde fraa Toppen
til Foten. Du stirer paa deim til du gløymer deg sjølv.
Det er Lande austanfor Sol og vestanfor Maane; der
flakkar Eventyrprinsen um og skyt Sylv-Endar,
drøymande um den fagre svikefulle Møy i dei jordiske Dalar.

— Men naar Soli kjem so langt som eit Stykke vest
av Professor Guldberg, so er der ein Aas som er henne
for høg, og som ho ikkje kann faa under seg. Der
smetter ho seg daa attum; og so hev me Dag utan Sol i
Kolbotnen.

Naar ho kjem fram att andre Gongen er ho
kveld-svevnug og raudøygd. Glyrer daudt og kaldt; er ikkje
med lenger. Og det legg seg som ein raud Skugge yver
Snø og Skog.

71

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0073.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free