- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
76

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Femte Desember. Isande Vind. Himilen tung av blaae
Snøskyir.

Me køyrer upp Isen paa Glaama inntulla i Pelsar og
Sjal; Kjeringi i Sledesæte med Sjapa paa Fange; eg
frami Dumpen; fyri oss Skjuss-Karen med
Kuffertlasse. Ut paa Ettermiddagen er me framme. ,

Kolbotn-Stogo sting seg fram or Snøen som ei stor
Tuve og ser jammerleg ut. Me stig inn; det er kaldt
som i ein Iskjellar. I Gruva ei liti Snøfonn.

Det gjeld aa faa Varme. Eg hiver Pelsen og ber inn
Ved. Men Veden er raa. Eg ligg i Gruva og pustar og
blæs ei Stund, men kjem ingin Veg. Det berre kokar og
sjoar i dei raae Vedskidine.

Me hev fengi sett upp ein Komfyr til Vinterbruk;
Hulda ligg paa Kne og strævar med aa faa det til aa
brenne i den. Men han dreg ikkje. Stend berre og
røykjer gjenom alle Ringar og Opningar; Kjeringi fær
Augo og Lungur fulle av Røyk; upp med Døri.

So kjem han Ola og ho Anne og hjelper oss. Han
Ola fær det til aa brenne paa Aaren; men Komfyren er
det inkje Raad med. Der er for lite Drag; Veden er for
raa, og Komfyren er for kunstig. Der er Steike-Omn i
han; og Røyken maa gaa i ein Ring rundt um den, fyrr
han naar Pipa; men han vinn ikkje rundt, berre eimar
ut gjenom alle Ringar og Opningar. Me fær hjelpe oss
med Gruva so lengi. Elden ut or Komfyren; upp med
Vindauga; me held paa aa kovne av Røyk. Hulda hev
teki Skinnpelsen av seg, men maa faa han paa seg att.
Me drikk Konjakk og bankar Flogur. Han Ola trøyster
oss med, at det lyt feil’ bli likare naar det bir meir
upp-lett Vér. «Aa ja; du kann vita det blir likare,» segjer
ho Hulda.

Han Ola ber inn Vatn, og ho Anne fær Kaffikjelen
paa. Me tek til aa opne Kuffertar og Kassur; snart ser

76

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0078.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free