Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
–«Eg forstend kje at eg hev kunna liva der inn-i
Byen,» kann eg segja. «Naar eg hugsar desse
«Værelser» med berre ein stygg, svart Omn i... dei er
livlause, slike Rom; som Landskap utan Vatn.»
«Ja dei er graae og daude. Og so innestengde liksom;
det er so langt etter Himil og Luft.»
«Ingin Husgud som liver med i alt... dei er
gudlause, desse Romi. Og ingin Natur utanfyri; berre ei
Gate der Byraachef Dingel og Redaktør Dangel gjeng
att og fram millom tvo Husnummer, No. 11, der dei hev
Kantore sitt, og Nummer 18, der dei hev Matborde og
Sengi... Ingin Husgud, ingi Naturaand; tomt, graatt
... ikkje noko heilagt attum Kvardagen, ingin Draum,
ingin Mystik ... Nei; Byane maa bli brende.»
«Ja, og tenk: aa ha Skogen naar han kjem!» —
«Det er sant; for Guten blir Skogen gild, med si gode
Luft og sine Fuglar og Litir.»
«Aa, det er kje til aa tenkje paa! Eg kann kje
forstaa det! Tenk slik ein litin Helle-Dusten som stabbar
um paa smaae hjulbeinte Fotstubbar og segjer Mama —!
og Papa —! aah! — nei; det er ikkje til aa skyna.»
«Det vert rart.»
«Aah!!–Det vert slik, at —; nei eg kann aldri
tru det kann bli. — Det er so forunderlegt; so
gaate-fullt... aa, du forstend det kje, du; — nei! du
forstend det ikkje.»–
–Eit par Timar um Dagen stend eg ute og høgg
Ved; det er godt for Helsa; og so sparar eg fem Kronur
for Vedhogging.
Ein Dag som eg stend og masar med ein seig, vrang
Kubbe — ein ægte norsk Odelsbonde, som eg kallar han
for meg sjølv, — høyrer eg ho Hulda ropar paa meg.
Eg inn.
Ho sit og halvt ligg i den graae Morgonkjolen sin paa
102
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>