- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
104

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Aa nei; det er visst berre noko Tull det, at Kvinna
skal føde sine Born «med Smerte»...»

«Det er berre Kultur, ja. — Og so naar det lid so
langt, so reiser me ned til Tynnset; der er Doktar og
Apotek og alt; so me kann vera trygge, — um du no
ikkje skulde vera Finnekjering heilt ut.»

«Ja; eg hev tenkt paa det. Det vilde vera fælt aa vera
so langt ifraa Hjelp, um noko skulde hende.»

«Sjølvsagt fløt me til Tynnset; det er noko me maa
ha Raad til. Eg vert ferdug med Uforsonlige til

den Tid; og so vert me rike____eg fær kanskje tu-

sund Kronur for den Filleboki»–-

Etterkvart vert ho roleg. —

*



— Og so fær du gjera deg ferdug, daa, «Fedraheim»,
til aa taka imot oss paa Tynnset! Gløym ikkje
Ære-porten !

Tredje Breve.

Kolbotnen, 25. Mai 1889.

Gode «Fedraheim».

Idag er Tuften eit Aar gamall. Det er greidt me held
Fest, endaa me er noko utmødde; og daa me gjerne vil
hava Gud og Kvarmann med i denne Festen vaar, so
legg eg i Veg med eit Kolbotnbrev.

— Det er lengi sidan sist no. Men so lyt me hugse,
at eg ikkje er Bokskrivar lenger, men Barnfostre. Kvar
Ettermiddag, og andre Tidir med, sit eg i Ruggestolen
med Tuften paa Fange og syng for han den fyrste
Barnelærdomen hans — den eg sjølv fekk i Arv fraa
mine Fedrar:

104

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0106.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free