- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
111

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Alt anna me sette henne til, ugreidde ho for oss; og so
var det ein annan Ting, ein unemneleg Ting...

— Nei no skrik Ungen. Eg maa inn. Gud veit...

*



Dagen etter.

Naa; det var Budeigja. Ja, ser du; det fæle var...
ho kom beint or Fjose og hadde ymist ulært; med eit
Ord sagt: ho bruka kje Lümmaplagg!

Det vart ein vond Maanad. Men han fekk Ende ein
Gong, den med. Og so kom Budeigja — Hulda laag
enno; Guten var komin, ser du —; so kom Budeigja og
sa at ho skulde til han Lars Øvstimostugunn og vera
Vinn’kulle. «Gakk i Guds Namn,» sa ho Hulda. Eg
gav henne den Løni ho skulde hava; ho var sur for ho
ikkje fekk Drikkepengar. So gjekk ho.

Det var den! —•

— Daa me kom her upp til Kolbotnen att ifjor Sumar,
fekk me stundomtil laane ho Eline, dotter aat Strype’n.
Ho var glup, men berre trettan Aar. Og rett som det
var maatte ho paa Skulen; eller ho laut heim att og
hjelpe Mor si. Ei Tid hadde me henne Inger, Syster
hennar Eline; men daa Eline skulde til Røros og gaa
for Presten, laut ho heim att, ho Inger med. Og so fekk
me greide oss som me kunde.

Ho Hulda vart reint harm stundom. «Dei hev det so
maklegt hjaa oss som dei aldri fær det, desse Gjentune,
og ét ved vaart eigi Bord og blir medfarne som Born
i Huse; og dei fær den Løni dei sjølve vil hava; men
endaa skal det vera liksom ein rein Naade, um me kann
faa deim!» Ho lova tilsist paa det, at ho skulde ikkje
spyrja etter Gjente meir, korkje paa Strype eller
andre Stadir.

Vinnekulle: Gjente som er med i Vinne-(Onne-)
Arbeide.

111

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free