Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Eg var komin av Svevnen, ser du. Og so var det
Hov-daverk og Hugverk og all den Develskap som finst, og
Skriving attpaa; so eg maa undrast paa Kjeringi som
ikkje gav meg Skilsmaalsbrev og drog sin Veg; for der
var lite Moro paa Kolbotnen i den Tid. Det kunde vera
heile Vikur at eg ikkje sa eit Ord, berre gjekk og
brygde og brygde paa sjuke Tankar som ein Halvgalning.
Allting arga meg; alt var meg imot. Dei minste Ting
gjekk so innpaa meg, at eg Gong paa Gong kom til
Kjeringi og sagde: det ryk til Helvite; me kann likso godt
gaa paa Sjøen.
Ho forklaara meg kvar Gong at eg for med Tull; og
kvar Gong vart eg modig att og sagde: det gjeng godt i
Grunnen! Men tvo Dagar etter sat eg ved Aaren og
sturde og stirde i myrke Tankar: det ryk til Helvite. Me
kann likso godt gaa paa Sjøen.
«Uforsonlige» gjorde lite av seg. Det var ein
og annan som hadde kjent at der var noko som brann i
den Boki; men dei fleste Bladlysine pirka og grov og
fann ut at ho var gali gjort. Eg hadde tenkt aa faa
Stykke upp paa Kristiania Teater; men nei, eg fekk det
att; det var ikkje «egnet». So kunde me likso godt gaa
paa Sjøen daa; Bokhandlar-Honorare var mest
upp-brüka. Og det var langt fram til ein ny Roman. Nei;
so sette eg meg til aa rable ihop ein Farce; det norske
Nasjonalteatre livde paa Schønthan i den Tid, og eg
maatte vel alltid kunne laga ihop noko som var likso
godt som Schøntan. .. Nei. Eg fekk Farcen min att.
«Ikke egnet.»
I ei dansk Tidsskrift skreiv eg noko Polemik; gode
borgarlege Sanningar som eg mest skjemdest av aa
prente: tvo og tvo er ikkje fem; ikkje tri heller; ikkje
tri og tri kvart dessmeir; tek me alt med i Rekningi
maa me tru, at tvo og tvo nærast er fire... Ein god
125
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>