Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
gen, og det høge Gjerde mot Auni hans Sven, og Mosen
paa Steinane og Straai der eg skal traa, alt er kjend;
alt kjem so innpaa meg. Stakkars Krok; vann du so
mykje der ute som du tenkte? — spyrr dei. Og stirer,
stirer paa meg.
— No er eg heime. No er eg der eg er ifraa. Denne
Jordi hev født meg og ali meg. Kva skulde eg ut etter ?
Her ligg Garden min. Som han laag daa eg var her sist.
Noko i Ustand, noko ned-rivin; Løo stend der med
Utbygningar og Tilbygningar som liksom ikkje er fullt
ferduge; Tune ligg som det laag, halvt i Røys; han som
bygde her hev slutta for snart; og eg var Skuld i at han
slutta. Men ... naaja. Skuld. Kva nyttar det aa tala
um Skuld. Det er som det er no.
Forunderlegt, fæslegt, som Arbeide reint er liksom
falli ut av Hendane hans Far, desse sterke, knokute
Hendane. Han saag Garden glide ut or Ætti, og so vann
han ikkje meir. Kor han av alt sitt Hjarta hev
bannlyst denne Tidi som kom og døyvde Ættetanken og braut
Samanhenge og øydde Grunnlage for Heimelive vaart.
Eg stanar; stend og stirer; liver liksom upp-att
Vonløysa hans. Ættetanken er slokna. Det som var av Adel
i oss døyr; no er det berre Kaupmanns-Tid og
Nærings-driving. Sogudaamen, Skaldskapen yvi Bondelive,
Adelen hjaa Odelsmannen er burte. Odelsmennane gjev
Herredomen fraa seg. Dei vert Skulemeistrar,
Klokkarar, Embættsfolk, Tenarar og Tenårs Tenarar; me
hev mist Magti til aa halde oss sjølve uppe. Ei
Mod-løyse av eit serskilt Slag kom yvi meg; det var hans
Modløyse.
— Eg orkar ikkje gaa inn paa Garborg nett no. Eg
bøygjer av burt-um Løu-Borgi hans Sven, denne svære
Løu-Borgi som dei i mi Tid trudde Garden hadde fengi
Borg: høg Steinmur.
173
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>