- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
194

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

enn det som heiter Fridom for Smaafolk no; korkje for
Ståt eller Bank turvte dei træle. Men dei som ikkje
brydde seg um Fridom, dei arbeidde paa Sola og livde
trygt og rolegt all i Tid.

Naar kjem vaart kristelege Kultursamfund so langt?
— I det store Kulturlande Amerika stend det soleis til
no,1 at fatigt Folk som enno hev Ære i Live, dei søkjer
hin Vegen helst: sel seg friviljugt til Trælar, berre dei
paa den Maaten kann faa Klæde og Mat, i Chikago er
det kvart Aar store friviljuge Træle-Auksjonar...

— Naah! Eg flaug upp og gav meg i Veg att. Ikkje

Samfundstankar paa ein Godvérsdag ...

*



Att-ende gjekk eg ein annan Veg. Og kom daa so
langt nord-yvi at eg saag Missjonsskulen.

Andre Minne kom upp. Minne fraa den Tidi daa eg
gjekk heim-paa Garborg og las «Missjonsstidende». Daa
hadde eg Greide paa mangt: paa Missjons-Barnsengir
og paa Missjons-Verkefingrar; og eg visste, um Broder
Pedersen hadde vorti vaat paa Føtane no sist dei flutte,
eller um Fru Broder Pedersen hadde havt Tannverk i
seinare Tid. Men oftast tenkte eg paa alle dei Pengane
me sende til Sululand Aar etter Aar og soleis slapp aa
drikke upp.

Paa Resten hugsa eg, at eg sjølv hadde noko aa takke
Sulumissjonen fyri. Hadde me ikkje havt den, so hadde
aldri eg fengi sét Moses.

Ja for eg hev sét Moses. Det er visst meir enn du
kann segja.

Ja tenk Moses, du! Tenk han kom her til Stavanger.
Og budde paa Missjonsskulen. Og vart dregin ikring og

ia:! Slutten av 80-Aari.

194

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0196.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free