Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
hugse sovori. Men slike gamle Vanar og Tenkjemaatar
kann sitja forunderleg fast.
Naar me skulde ut og ferdast elles var det paa ein
annan Maate; men me skulde taka det med Tol daa au.
Ikkje hava Hast; det sat ingjo Kjering fast; og den som
hasta, han gløymde for mykje. So gjekk ein daa der
og sumla. Og kom sjeldan avstad fyr i seinaste Lage.
Denne Maaten høver mindre og mindre no. Vera gløgg
um Tidi er noko av det ein fyrst maa lære. Det hev ikkje
minst eg fengi finne; og den Skjemtesogo eg ein Gong
skreiv um aa vera «for seint ute», den er aalvorsam i
Grunnen. Mykje slik Tankeløyse hev me aa vinne yvi,
me norske; agte Tidi og halde Ord, det er tvo Ting som
maa til, um me skal kunna liva folkelegt.
— Au; er Klokka so mange? Enno er eg Bonde; i
Veg, i Veg! Og denne vene Ung-Skogen som eg so lite
fekk sjaa paa; og Hinna-Marki, der eg ei Natt var med
og gjætte Ku-Drifti hans Farbror; — i Veg, i Veg! —
Endeleg. Eg naadde Tramen just som Ferdi skulde gaa.
Eit tomt Råm var der; det krabba eg upp-i. Og hui—i!
av Stad bar det.
Paa vinstre Handi, i Aust, hev eg Gandsfjorden og
Fjelli. Paa den andre Sida er det halvt um halvt
Fjell-Land der med; og der er Gausel-Skogen. Stakkar; mest
heilt øydelagd no1. Og ikkje lenger sidan enn i mi
Barndoms tid gjekk det Segnir um Skogrøvarar i
Gausel-Skogen !
Upp og ned; att og fram. Skogen gjeng, Bana kjem
...tenk; her sit eg og køyrer med «Jæderbanen».
Eg hugsar vel den Kvelden paa Garborg, daa han Far
kom heim og fortalde at me skulde faa Jennbane paa
Jæren. Me undrast. Jennbane; kva tru det var. Eg
hadde lesi um Jennbane i Bladi. «Jernbanen gik,» stod
1 Kjem seg att. (Merknad 1909.)
202
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>