- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
207

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Mjølkekjerra. Det gjekk godt; Kjellaren fylltest med
Sandneskjeringar og Spönd, og Mjølkekjeraldi mine
tøm-dest. Men det lønte seg nok ikkje likevel; eg hugsar
ikkje anten det var ein eller tvo Skjeling eg fekk for
Potta. Nedved Fjorden, inn-med dei gamle
Fjøresteinane som eg minnest so vel, ligg ein Fiskar med noko
Smaa-Sei og Mort han hev fengi; eit Par Kjeringar
tingar med ’n um ein Øyre paa Marki; det er det same
Bilæte eg saag i mi Barndomstid. Eit Stykke lenger nord
er Pottemakaren. Det er same Huse; og eg skulde mest
tru det var same Pottune og Koppane med. Godt aa
sjaa, at her er sümt i denne Verdi som ikkje skifter!

Sandnes-Maale hev ikkje heller skift. Dei talar som
fyrr; Jærbumaal uppfiffa med Gatefint fraa Stavanger.
Rikt er det ikkje; og stundom gjeng det i Surr for deim
med, som naar dei t. D. segjer «maala» for mæla, og
«mala» for baade mala (med Kvern) og maala (med
Kost); men kva Raad er her. Naar Bokheim og
Blad-heim og Skule og Riksverk trælar saa trutt med aa arme
ut Maale og fylle det med Framand-Rusk, so kann det
nok etterkvart koma til aa svive rundt for ein
Sand-nesbue.

Eg ser inn-um hjaa Folke mitt eigi til Slutt; det som
er att av Garborgsfolke hev i det heile samla seg paa
Sandnes. Jamvel han Farbror er komin hit. Han er
skral med Helsa no, og strævar med Doktar-Raadir og
Helse-Dropar og Gudsord. Men han er seig. I Grunnen
sterk. Han er ute og arbeider rett som det er, og driv
elles med Skutepartar og taper Pengar. Hugleg og
greid er han som fyrr, um no Mode stundom vil minke.
Ho Faster Aase er og paa Sandnes no; ho hev mest alle
Borni sine paa Sandnes og trivst her. Men som alle av
det gode gamle Folkeslage maa ho hava noko aa stelle
S p 6 n d (jærsk): Fleirtal av Spand.

207

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0209.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free