- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
220

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Tilsyn med. Her paa Jæren skal han ha vori misnøgd
for det meste; men han roste dei tvo som etter den
vanlege Folkemeining minst kunde syngje: han Helge
Aane-stad og han Far. Det stend i Skriftine, segjer Mauland.
Han Far var daa au ein av dei tvo som sidan fekk
«Stipendium;», 3 Dalar til Manns til aa lære dei andre
Skulemeistrane syngje.

Det som eg veit visst er, at han var ein drivande og
dugande Gardmann. Og hadde han vori glup fyrr, tok
han vel endaa betre i no. Han vilde hava Garden
skikkeleg i Stand aat Ervingen, maa vita.

So hadde eg det godt og voks; og var Herre i Huse
til den næste kom, og lenger med, veit eg. Barndomen
min var hugleg og ljos i desse fyrste Aari. Og eg sjølv
skal ha vori glad og fornøgd. Full av Paafynster som
kunde vera galne, men stundom au soleis galne at Folk
maatte læ. Enno hev eg som eit Minne um, at naar eg
fekk vera med Far og Mor ute i Lag, so tok gjerne
Gamlekallane Ungen og sette ’n upp-paa Borde framfor
seg og heldt Moro med ’n, og spurde ’n ut, og fekk ’n
til aa «preike», og lo lystigt aat mangt av det han fann
paa. Süme av mine Visdoms Ord kunde liva ei god
Stund frametter.

Ein av mine beste Vénir i dei Tidir var Lensmann
Mossige1. Han var glad i Born, og kunde leike og
skjemte med slike Smaakarar so det sviv meg i Minne
enno. Han sagde meg mangt eit gaatefullt Ord som eg
gjekk i lange Tidir og braut Hovude med, til dess han
ein Dag forklaara meg det og lo aat min «stutte Tanke».
So teikna han stundom Bilæte og gav meg; eitt hugsar
eg enno; det var ein staseleg Hérmann paa ein Hest.
Mannen hadde ein stor Nase men ingin Munn; og det

1 Ingjebrett Mossige, f. 1812, d. 1862; Stortingsmann 1849
—1860.

220

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0222.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free