Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ja villare endaa voks Draumane mine. Eg tok til aa
dikte Salmar. Laga deim etter dei formfriaste i Kingo
og lagde meir fri Form til sjølv; skreiv deim so upp paa
Veggine i Kammerse hans Farfar; Veggine der var
dregne med Kardus-Papir. Naar eg daa var vortin
Klokkar, vilde eg stelle det so at Presten fekk sjaa desse
Salmane mine; og Presten vilde sjøvsagt like deim
fram-ifraa. Bispen med. So vilde dei setja meg upp-aa ein høg
Stol i Kore i Thime-Kyrkja og krune meg til
Salmekonge etter Kingo. Den Draumen livde eg paa lengi.
I Trui hans Far var det elles mykje som var godt.
Ja beintfram nyttigt. Sümt vilde jamvel vera
lands-gagnlegt um det vart Folketru; det kann du lesa um i
«Fred», Stykke VII mod Slutten.
Her nemner eg berre det som serleg kom oss Borni
ved. Guds Vilje var, at Foreldri skulde vera Lærarar for
Borni sine. Heimelive skulde sjølv vera Barneskule.
Fyrst og fremst skulde Borni lære aa beda og halde seg
til Gudsord; det dreiv han paa med av beste Magt. So
høyrde Arbeide au med til Skulen. Gud vilde at me
skulde liva av Arbeide vaart; me maatte daa fyrst lære
det. Og lære det i Barndomen som var den rette
Lære-tidi. Den Kunnskapen som endaa turvtest, som
Rekning og Skriving, skulde me au lære heime; og det fekk
me drive paa med um Vinteren, daa Tidi var til det.
Meg vilde han lære upp fyrst; so fekk eg etterkvart
hjelpe Systkeni mine. Me skulde i det heile hjelpe
kvarandre; so livde me au etter det store Böde um
Kjærleik til Brørane.
Full av Tillit og Tru tok han til med Skule-Arbeide
sitt. Eg hadde nok lika den vanlege Skulen betre. Men
med mitt vonde Samvit fraa Matkoven — sjaa i «Fred»
um Gunnar Mat-Tjuv — tagde eg og fann meg i alt.
Og Vinteren gav ikkje so reint lite Tid til Skulear-
232
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>