Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kom so langt som til den siste store Sigers- og
Stas-dagen. Og eg bygde meg Borgir høgt i Sky, og vart
lov-songin yvi Heimane alle.
Det gjekk vidt med dette. All mi Arbeidstid vart
Drøymetid; eg hadde vorti galin, hadde det haldi paa
nokre Aar lenger. Noko av det vitugaste eg stelte med
var eit «Menageri» (med g), som eg fekk Tanken til av
«Menoza», ein Roman eg fekk lesa for di han var av
Dr. Erik Pontoppidan. Menagerie «bygde» eg nord-i
Markaasen, og samla inn Dyr og Fuglar av alle dei Slag
eg visste um, fraa Oteren til Leviatan, men serleg alle
Villfuglane. Denne Dyreheimen, der eg serskilt stelte
med Vibo, av di eg var so glad i Vib’-Egg, vart til eit
Vedunder i Bygdine; og eg sjølv vart ein Herremann
som hadde mykje meir aa segja i alle Ting enn baade
Presten og Amtmannen. Etterkvart hadde eg eit heilt
«Bokrike» av slike Draumar, og kunde kvar Dag velja
ut den Sogo eg daa lika best, til Umrhkting og ny
Upp-stasing. Det vart daa eit trifeldt Liv eg kom til aa føre:
eit Draumliv i meg sjølv, eit Halvdraum-Liv heime og
eit anna Halvdraum-Liv ute millom bitt Folke.
Det var det sjuklege eller paa annan Maate serskilde
Folkelive eg i desse Aari saag mest til. Rett som det
var kom det ein gudeleg Halvtuling og skulde hava
Raad og Rettleiding av ’n Far, eller klaga si Naud um
ikkje meir; til andre Tidir var det eldre og meir røynde
Gudsborn som kom og vilde gjeva ’n Far Raad og
Rettleiding. Eg hugsar millom andre ein Skomakar fraa
Stavanger som kom og vilde lære ’n aa «jubla». Naar
han ikkje kunde juble, so hadde han ikkje den rette
«sønlige Udkaarelses Aand», meinte Skomakaren. «Du
skal gjera som eg: jubla!» sa han. «I alt mitt Arbeid,
fraa Morgon til Kveld, — eg gled meg i Gud og jublar
hitt: neutr. av hin.
240
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>