- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
260

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

tar paa Thime den Vinteren. Og av dei fem døydde den
eine.

Elles gjekk alt godt. Læraren var ein dugande Kar
som eg vyrde framifraa og var glad i. Han trudde visst
au paa meg; eg visste soleis at han ein Gong hadde
raadt Far min til aa lata meg studere. Og med Felagane
mine, dei andre «Lærerlærlinger», kom eg godt til Lags.

Den fremste av oss, han Torkell Lende, var visst det
beste Hovude eg hev raaka. Men han skulde vori paa
ein Skule av eit anna Slag; det hev sidan vist seg at
han er Uppfinnar, ein Meistar i Gognbyggjarkunst eller
Mekanik. Den eine gode Gogni og Greida etter den
andre finn han paa og fær i Stand, fortel Bladi; men
det gjeng honom som det plar gaa med slike: Folk som
er klokare paa Verdi enn han kauper Tankane hans for
inginting, og Torkell Lende er same Fanten. Han var
elles glup nok paa Thime med; og um Sjukdom sidan
hefte han burt, so han ikkje vart Skulemeistar, so fann
han paa mangt og mykje likevel aa stelle med. Soleis
hugsar eg eit Blad, «Heimhug», som han gav ut, og
snart prenta sjølv med, der heim-paa Lende. Men det
var paa norskt; og daa kann du vita Folk vilde kje halde
det. Det einaste eg kann hugse eg høyrde um dette
Blade der heime var ei Sogu um ein Kleppsbue som
skulde ha sagt um ei Merr han hadde kaupt, at ho hadde
«Heimhug össaa Bla’no i Thime-Sokno». Men Torkell
Lende skriv so godt, og vil hava so mykje aa fortelja,
at han skulde sjaa aa faa ut ei Skildring av Live sitt,
naar han finn Tidi til det1.

Den av Læregutane som eg vart mest kjend med var
framifraa paa sin Maate: han var av Fantefolke. Det
var eit kyrkjelegt Samlag som vilde hjelpe ’n fram; og

össaa: liksom. — B1 a’ n o: Bladi.

1 Vart ikkje av. Han døydde ifjor. (Merknad 1909.)

260

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0262.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free