Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Eller dei kunde ikkje leggje Rikdomen sin fram; naar
dei fekk Penn i Hand, kom Vane-Skriftmaale og tok
Heimemaale fraa deim. Og Fleirtale av oss hev, ved
Framandskular og Framandbøkar og Framand-Slit Aar
etter Aar, vorti maal-arme sjølve. Det vert daa faae av
oss som du kann faa noko vidare Hjelp av. Serskilt lite
er det gjort der Folkemaale framifraa treng Dyrking:
i Lærdoms- og Skulevegen. Jamvel «Agronomane» vaare
skriv danskt; og Sogubøkane dine til Skulebruk hev enno
fengi altfor faae Etterfylgjarar. Dette fær du no finne.
Og der det minst er gjort til Hjelp for deg, der vil
me sjølvsagt krevja mest Hjelp av deg. Kvar skal ein
av ? Verdi e r rangsnudd.
Men me fær trøyste oss med det som du segjer: at
det norske Maale er daa alltid mykje rikare enn det
danske var. Ikkje naame-nær so mykje tarv me laane
som det. Og so fær du likso godt fyrst som sist gjeva
upp Tanken um aa faa det fullferduge fram med ein
Gong. Det ein kann faa er til kvar Tid Maale so langt
som det daa er komi og framfunni. Og fær me sett upp
og gjort tiltøkt det Maal-Emne som er komi fram, so
hev me kje meir aa krevja; og berre det vil vera ei
Hjelp so me trur det kje. Sidan legg me i Veg med nytt
Mod og ny Kraft. Du fær trøyste deg med, at det er du
som tek det fyrste og det tyngste Take; den som med
deg til Fyrimann skal laga den næste Ordboki vaar fær
eit mange Gongir lettare Arbeid.
Og naar du ein Dag kann setja Ordboki upp-i Hylla
di samsides med Snorre, so kann du sidan taka det med
Ro. Det er Arbeid som ikkje kjem burt, sovori.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>