- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
271

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det myrkaste i Livssogo mi hev eg att aa fortelja.
Eg skal fortelja det stutt.

— Han kunde ikkje skyna det, han Far, at me kom
so ifraa ’n. Anna hev visst han tenkt. Han hev venta
og trutt, at naar han førde oss til Vaarherre, so skulde
han vinne oss paa beste Maaten att sjølv med. Men det
gjekk so reint annarleis. Ikkje fekk han oss fram til
Vaarherre; og berre lenger og lenger kom me burt fraa
’n sjølv. Det er dette som hev vekt Tvilen hjaa ’n, den
Tvilen som meir og meir tok Mode hans, og sistpaa Live.

Eg, som serskilt var hans Framvon, og som han daa
hadde lagt seg serskilt um aa fostre «i Tukt og Herrens
Formaning», kom lengst burt, baade fraa honom og
Arbeide hans. Eg aatte kje Tanke for anna enn Bøkar
og Skular; det som han lagde si Magt paa: aa dyrke
Garden og byggje Heimen, det saag eg ikkje; det var
liksom noko som ikkje kom meg ved.

Dette heldt paa, og vart meir og meir audsynt. Og
mindre og mindre skyna han det. Det var for honom
so urimelegt, so mot Natturi, at skulde det vera anna
enn Barnesjuke, so maatte det vera noko serskilt, ei
Guds Refsing for eitkvart gali han hadde gjort. Han
kom daa inn paa tunge Tankar; og meir og meir hev
den Rædsla fengi Magt: at Gud gjenom Borni hans, og
serskilt gjenom meg, vilde døme honom og alt hans
Livs Arbeid.

So kom Vonbrote. Utan Naade vart det ’n sagt:
Sonen vilde fraa Heimen; Ervingen vraka Arven. Han
vilde vera Tenar hjaa framande i Staden for Herre
heime. Ikkje berre Tenar for ei Stund, til aa sleppe ei
verre Teneste; han vilde vera Tenar all Tid.

Det var ho Mor som hadde ioti gange imillom og
se-gja han dette. Segja at han Aadne vilde paa Seminarie.

audsynt: lett aa sjaa.

271

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0273.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free