Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
min; han kunde eit Utal med Dansar, Vals og
Hambor-gar, Rilar, Turar og kva det alt heitte. So sat eg med
Fela og gnog jamt og samt. Lærde kje stort; sumla
burt mykje Tid; Fela vart soleis for meg ein «vond
Ting»; men ho heldt meg burte fraa mangt som verre
kunde vori.
Mest til Frelse for meg vart likevel mi største Synd:
eit fritt Hjonskap eg kom upp-i. Og her kann eg knapt
orsaka meg med Kjærleik dessmeir; eg fær vel helst
segja «Lettlynde». Dette siste Orde vil elles ikkje
heller vera rett. For daa eg godt og vel var «gift», kom eg
etter at eg var glad i Gjenta.
Men mangt gav dette syndige Samlive meg aa tenkje
paa. Det skulde vera ei Himil ropande Synd; og eg —
angra ikkje. Slett ikkje. Endaa verre var det med henne;
skyna eg rett, so hadde ho ikkje so mykje som Tanke
um Anger. Ho totte det stod godt til, ho; det einaste
som harma henne var denne andre Sogo ho var komi
upp-i. Denne Sogo kom eg meir og meir etter var full
Truloving; og meir enn det; for Trulovingi var etter
gamalt det rette Giftarmaale paa Lande; Vigsla kom
etter naar det so kunde høve seg, og meir som ein Stas.
Klaart fekk eg ikkje dette for meg; men Samanhenge
hev vori at Gjenta var gift, um det aldri so mykje var
ved Ætte-Raad meir enn ved eigin Vilje. So kom daa
denne uvislege Kjærleiken og snudde allting um. Eg
mødde meg ikkje lite med Spursmaalet um Syndi vaar;
og at eg ingin Øyrefik fekk — som han i «Ungdom»,
der ikkje so lite av denne Sogo er nytta —, det kom seg
visst av at eg aldri nemnde Spursmaale for henne; eg
vilde visst ikkje greide upp i noko som kunde koma til
aa skilja oss aat.
At Faaren ofte er størst der «Lettlynde» er minst,
Hjonskap: Ægteskap.
276
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>