Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Vér og Vilkaar her alt ifraa fyrsto. Det verste hev dei
klara no, desse gjæve Mennane som vaaga seg i Gang
med det vonlause. Og Folke, som fær sjaa no at
Vaarherre ikkje hev noko imot Skog paa Jærheiane, tek til
aa koma med. I 1868 vart det fraa Planteskulen selt
for 14 — fjortan — Kronur i Smaatre til Utplanting;
i 1896—97 vart det selt for 6 260 Kronur; sidan hev
det auka jamt.
Skogsaki er i det heile i Franmgang i Lande. Me hev
seks Planteskular no, fraa Farsund og nordyvi til Bodø.
Det er lite men betre enn inkje; og fleire kjem etter,
um Rikskassa ikkje altfor mykje vert Fant.
Og fram, fram maa det gange. Norig held paa aa
avskogast. Serleg er dette Røvar-Arbeide komi i Gang
no, daa dei hev teke til aa slipe «Tremasse». Og med ei
Lovgjevingsmaskine som er i Gang Aare rundt, hev
me enno ikkje som andre Land fengi Lov um
Nyplan-tingsplikt for Skogrøvarar. Det gjeng atter-ut med
Skogen i Norig enno. Men er me paa 40 Aar naadde so langt
som hit, lyt me vel tru me kjem lenger. Ja at me til
Slutt kjem so langt som andre Folk1.
VIII.
Knudaheio 3. 6. 1902.
Du Steinar!
Det er kaldvori i Aar, og helst ser det ut til ein
Regn-Sümar.
Hulda og eg køyrde fraa Bryne til Undheim i full
Vinterbunad og fraus so me skalv; det var i Slutten av
Mai Maanad. Og enno er det so, at eg maa hengje paa
fraa fyrsto: fraa fyrstunde.
i M. A. Gru de: «Om Skovkultur» (Sandnes 1898) gjev
Greide paa Tilstande med Skogøyding og Skogplanting paa
Jæren som elles i Norig.
290
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>