- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
295

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

avkuva. Han kryp ihop; kjem mest burt. Dei hev vel
vori ute og nasa her med. Skjemt og skamfari den gamle
Hovdinggravi, og so lati ho liggje. «Æra Far din og
Mor di, at det kann gange deg vel...» Naah. Det kann
vel ikkje vera det heller. Dei hadde kje lati nokon av
Haugane vera i Fred, hadde dei fyrst vori ute.

Men dei rotar i Haugane all Stad. Hovdingar reiste
deim; Høkerar riv deim. Fenden i Fedrane; er der noko
me kann gjera Skjelingar utav? Eller Bøkar,
Doktor-hattar? — Gravfred? Her er kje Gravfred i Norig for
andre enn deim som betalar for seg.

Mykje er nok elles ikkje aa finne lenger. Korkje i
Haug eller Hov. Det som ikkje vart teki av Danskane
er selt for ein Drikkeskjeling til andre «Brørar». Ei
Samling i Sverige til Upplysning um svenskt Folkeliv
og gamall svensk Kunst skal kunna vise fram 1300
Stykke berre av gamle norske Ølbollar.

For Sverig eig Norigs Sogu no, liksom Danmark
aatte ho fyrr. Sjølve den norske Kongen lét — og læt
— dette skure. Rimelegt nok. Den norske Kongen er
Svenkekongen no, liksom det fyrr var Danskekongen.

Den norskdanske Staten er ender og Gong ute i
seinare Tid og skrapar Skovune. Men naar Folke skynar
at Staten vil ha noko, sét dei Prisane upp. Det hev selt
vaare gildaste Ting til Svenskar og Engelsmennar for
ein Drikkeskjeling og ein Dram; no krev det
Herre-pengar for ei Flintepil.

Jæren i gamle Dagar var ikkje nokon
Husmannsplass. Magt og Rikdom samla seg endaa meir fyrr enn
no ved Havkanten. Dertil trur dei, at Jæren hev vori
bygd alt i den Tidi daa hitt Lande laag under Isen.
Mange Sjøkongar hev siti fram-etter Nési her daa, og
Hovdingar styrt upp-etter Bygdom.

I Sogu-Tidi, og fyrr ikkje mindre vil eg tru, hev

295

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0297.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free