- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
304

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ral, Statsraad. Jamvel i danskt vert Lærarinde Tull.

Men Danskane um det, veit du!

*



Det held paa med Kaldvére. Og Regn er her meir
av enn godt gjer.

Med Skriving kjem eg ingen Veg. Held det upp, gjeng
eg ute og driv, og regner det, gjeng eg inne og driv; i
slikt Ver trivst ikkje Tankane i Hausen meir enn Grase
paa Marki. Tøv! Grase paa Marki trivst betre enn
Tankane, som vel er.

Men so hev ein Bladi. Og so kann ein faa arge seg
stundom. Det driv Tidi det med. Stundom gjeng eg her
og smaafrys og held Talur for meg sjølv um norskt
Riksstell.

Dei segjer Harald Haarfagre samla Norig. Det er
Lygn, Farr. Dei 31 Smaariki ligg skilde no som fraa
Ævors Tid. Skilde og i Ufred. Der er Hérferdir i Bladi
jamt, og fast Ufred i Stortinge heile Vinteren. Strid og
Hoggskifte um Eignir og Gods. Fær eg det, so skal du
faa det, segjer Rike til Rike. Og so rivst dei um dette,
og um kven som skal faa fyrst. Etterkvart fær kvart
Rike det kvart Rike kunde slaa til seg; men Norig kann
ingin tenkje paa. Det sig ned i Skuld. Vaarherre veit;
det er visst godt og vel halvtridje hundra Millionar,
Jødane no rentesugar oss fyri.

Fylkeførarar hev me, og stundom Folkeførarar; men
Riksstyrarar ... kvar skulde ein femhundradaars
Provins taka Statsmennar ifraa? Nokon Statsmannsskule
som den andre Folk hev i sine Styreverk for
Utanriks-stelle hev me kje heller. Og det er med Landsstyringi
som med alt: ein maa hava Gaavur til Arbeide, og ein
maa ha lært det. Me gjeng her sjølvlærde og halvlærde.

304

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0306.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free