- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
345

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i Vaatskodde og Regn, so ein kunde tru det var
Nivl-heim.

Sjøen er reint avkomin. Stundom kverv Lande med.
Endaa eg kann for det meste skimte Garborgsaasen. Han
myrknar fram or Nivlheimsskodda som ein myrkare
Skugge. Men rett som det er kverv den med. Daa er det
berre graae Vonløysa. Eg er i Naastrand.

Men det er eg ikkje heller. Ikkje heilt er eg løyst fraa
Jordi og hennar Sut. Folke hev teki til med Slaatten.
Mange hev slegi ned ikkje so lite. No ligg Høye der. I
Kvirlar og vert utvaska. Eller stend i Saatur og surnar;
faae er enno komne so langt, at dei i slike Bløyte-Aar
kann sylte det ned. Tungt er det daa aa gange her uppe
som ein avsett Gud og sjaa paa alt dette og ikkje kunna
hjelpe. Eg skynar godt at eg i gamle Dagar undrast paa
Vaarherre, naar eg saag slikt. Han som kunde drive
burt Regne med eit einaste Ord, han sat der roleg og lét
Høye rotne! Og endaa visste han, at Folk vilde mykje
heller um vende seg um han hjelpte deim, enn naar dei
skulde gange her og harme seg og banne paa det vonde
Vére. Men han lét meg undrast, han. Vyrde meg aldri
det Slag. Um han sat og leika med Ljon-Pilir so det
fræste og blaa-svidde og brann gult, og Verdi skangra
og skaka i Tore-Rullingane so ho kunde ramle, — meg
skaut han aldri etter.–

*



Eit par Dagar seinare.

Regn, Regn; Blaastr og Regn; Regn og Blaastr;
endelaust.

Eg tullar meg inn i alle mine Fillur; gjeng og driv;
sit og les. Noko Filosofi er det eg hev fengi Tak i. Livs-

li v ir lar (Kverlar): «udbredte Lag, især av Hø».

vyrde: agte; «tage Hensyn til». — skangre: buldre
(om skramlende, skraldende Larm).

345

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0347.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free