Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
seg til aa handle. Kaupte upp alt som var billegt aa faa,
og selde det austpaa, mest paa Kristianssandskanten,
der dei fekk meir for det. So sat Folk her heime og kom
i Beit.
Med Pengestelle var det ymist Ugreide. Smaamynt
fanst ikkje; so laut Kaupmennane i Byen og Bøndar og
andre paa Lande, laga Pengar sjølve. Dei gav ut Setlar
paa 8 til 24 Skilling som dei sjølve gjekk gode fyri. Men
so vart det «en reen Oversvømmelse af Papirlapper», av
falske ikkje minst. «Hvem skal lide Tabet for dem?»
spyrr Hans Velbyrdighed. Me tarv vel ikkje tvila paa,
at det mest vart Bonden som fekk svide.
Det var Folkenaud daa som no. Lite Folk var der;
og dei som var laut liggje burte i Ufred. Jamt og samt.
I det heile kunde ikkje Bonden leige Folk; Arbeidslønine
var — daa som no — for høge. Løytnanten slær paa,
at ein burde sende Hérfolk ut til Arbeidshjelp for Folk:
det vart aldri noko av, kann du vita.
Det ser ut til at Kvinnfolk hev vori dei likaste i den
Tidi. Dei var nok galne etter Stas. Til Gilde eller Kyrkje
gjekk dei silkeklædde; Gullringar hadde dei i Øyro, og,
naar dei var gifte, paa Fingrane med. Ja hadde dei eit
Grand Raad, gjekk dei med Gullkjedur um Halsen. Men
til Kvardags gjekk dei vadmaalsklædde og arbeidde.
Stelte Hus og Fjos, og spann og spøtte og vov;
Vevnaden skal dei mest ha lært av Madam Zimmermann, ei
Prestekone paa Haaland. Og Jærbu-Kvinnfolki vart
glupe til aa veva; det var dei alt ned-i mi Tid. Karfolke
kann Flor mindre rose. Dei var baade latare og
mindre hendige. Men fine vilde dei vera, dei med; til
Høg-tidsklæde kaupte dei By-Ty.
Vil me sjaa paa Tilstandi no, so skulde Mode vaart
stige. Me hev Vegar i Kross og Krok, og Eimbaatar paa
Sjøen og Jønnveg paa Lande, og Skrivetraad og Tale-
351
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>