Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
den Maaten, og visste at det her fekk høyre, kunde
eg stole paa.
Paa Strandviddine ovanum Strandrug-Belte var det
planta Buskfuru, og det nord igjenom alt aat Salte-Aai;
tett og sterkvaksi stend denne Furo no og tvingar
Sanden med Magt. Buskfuro saar seg sjølv den med; og
Sanden som fyrr lagde meir og meir Land øyde lyt no
sjølv gjera Gagn. Den Skogen han døyver seg sjølv med
vert til Nytte paa fleire Maatar; millom anna liver han
for Hav-Vinden, og vil dermed gjera det lettare aa faa
Skog til aa vekse lenger upp-etter, paa Heiar og Viddir
der ikkje annan Gagnvokstr trivst.
Det var nye Folk som laut koma og setja dette
Arbeide i Gang; Strandbuen var for klok; trudde kje paa
sovori. Han kjende til Sanden han, maa-tru. Det skulde
nok ingin lære honom noko um den, nei setja Skog i
Flogsand som var so turr at han faug i Lufto vorsaa
Rennedrév berre det bliskra og bles lidegrand, det skulde
visst han gjera! Aa nei. Det nytta nok ikkje aa
stridast med Vaarherre.
No tek Strandbuen til aa sjaa, at um ein sét Skog mot
Flogsand so er ikkje det meir Strid mot Vaarherre enn
naar me byggjer Hus mot Kjøld og Regn. Og fleire
Stadir nordetter Strendane tek dei til aa tenkje paa
Skogplanting. Paa sjølve Saltestrandi kann det med Tidi
bli andre Kyr aa finne enn dei eg fann. Til Døyving av
Sandflöge paa Sola-Sandane er alt mykje gjort; og paa
Ogna-Sandane hev Jønnvegen planta ikkje so lite.
— Eg gjekk der nedpaa Nærland og saag paa alt som
grønka og voks; og glad var eg. Her maatte bli Raad
med noko av kvart her til Lands, naar me kunde tøyme
sjølve Havsandane! Og meir og meir skyna eg, at desse
sterke, stillfarande Folk som aldri skrik upp, men
arbeider, berre arbeider, — dei er kannhende ikkje alltid
364
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>