- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VIII. For seint ute. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Ei finneferd /
367

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Den vonde Tidi, daa Folke var framandt heime, og
Ungdomen rømde, og Fedrar og Mødrar gjekk trøytte
og aaleine paa vanstelte Gardar og sleit, og Voni var
burte fraa Arbeide og Hugnaden fraa Høgtidine, og
Gud var harm, og Eimar fraa Helvite laag yvi Lande
som ein vond Lukt, — den Tidi skal faa Ende og gaa i
Gløyme og ikkje vera meir. Folke skal friskne og tru
paa det gode og gjera godt Arbeid og hjelpe Lande
fram; og trygt skal det bu i sine Heimar so lengi Sol
skin og Storm reinskar og Regn doggar og Hav kved;
og det skal endaa ein Gong verte sant at Arbeid gjer
rik, og at eit Folk som held upp Minne um Far og Mor
skal hva lengi i Lande.

Du Jæren, du gamle Jæren, du myrke, ljosnande
Jadar fraa gamall Tid, me skal finne deg att og vinne
deg att, og byggje deg ny til du lyser mot Sky som ein
Apal-Lund paa den gamle Grunn framfor Heimborgi
vaar, Framdraumen vaar, Norig det gamle og det unge.

— — Det ljosna gjenom Lufti; det vakna i Aust.
Soli spratt; det fløymde med Ljos; ei Lerke steig
tirlande og svingande upp og upp i den tindrande Dag og
song Morgon yvi Land, Sümarmorgon. For um du vil
tru eller ei: enno er her Lerke paa Jæren. —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:51:55 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/8-1944/0369.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free