- Project Runeberg -  Ord och Bild / Trettioförsta årgången. 1922 /
165

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tredje häftet - Stevdansen som folkeleg domstol. Av Hulda Garborg

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Stev dansen som folkeleg domstol

F ær ey dans. Ma al a r stykke av Kranse.

den gudelege dansen. I brudlaup
dansar dei ein stilfarande dans til ei
brud-laupssalme, og der skal presten vera med.
(Sjaa bilæte. Den gamle mannen i lang
frakk er presten).

Men det som meir enn alt anna
syner korleis songdansen var innvaksen i
folkelive er, at han vart bruka beintfram
som folkeleg domstol. Um dette höyrde
eg, daa eg vitja öyane i 1902.1
Dengongen hadde dei ikkje faatt politi
en-daa, og dei meinte og, at dei greidde
seg godt forutan.

»Er det ingen som gjer noko gale her
daa?»

»Aa jau; det kann vel hende at det
ein sjeldan gong vert stole ein sau eller
anna sovore. Men större brotsverk veit
me ikkje um paa öyane i manns minne.»

»Men sauetjuvane daa? Fær dei gaa
fri?»

»Ikkje altid. Er det ein som er sers
slem, so fær han eingong höyre det i
dansen. Tvo sterke karar nyttår daa eit

höve til aa ta han imillom seg i ringen,
og so lyt han dansa, medan dei syng ei
nidvise um han. Eller dei lagar
spotte-stev, som haglar ned over han fraa alle
kantar, til dei tykkjer han hev fenge nok.
Daa hev han ikkje anna aa gjera enn
aa bite fraa seg i vers so godt han kann,
han og. Dermed er saki upp-og avgjort.
Og den karen stel ikkje sauer meir.»

At improviseringskunsti er frisk og
livande derburte hadde eg sjölv eit
morosamt dome paa. Me var paa baatferd ut
til eit fuglefjell, og paa heimvegen fekk
me skodde. Ingen hadde kompas, daa
det berre var stutt veg.

Men so med eit vart det reint tett
ikring oss, og det vart ordkast um
stemne-leidi. Ein av karane vart heit i toppen,
avdi dei andre la imot meiningi hans,
og det heldt paa aa bli usemje. Men
dei vil ikkje ha usemje i bååt; og ein
eldre mann var strakst ferdug til aa laga
eit harmlaust, men friskt spottevers um
han som var so braahuga, og song det

Korleis — huruledes. Sovore — sådant, dylikt. Höve — tillfälle. Skodde — dimma.
Stutt — kort. Ordkast — ordväxling. Stemneleid — vägens riktning.

1 Olafur Davidsson nemner denne skikken i boki si »Islenzkir Vikivakar og Vikivakikvædi»,
men kjenner han ikkje fraa Island. Likevel kann han vel ha vore kjend der.

76^

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 13:58:35 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1922/0189.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free