Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Andra häftet - Jørgen Bukdahl. En danskes syn på norsk og nordisk kultur. Av Johs. A. Dale
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Jørgen Bukdahl
Lund i 1938 opplevde kor ekstatisk nordiske
alle var, då vart han redd. For dette var
»Frygtskandinavisme», som ikkje ville sjå
motsetningane og bygde luftslott, her vart
det skapt illusjonar som ville breste straks
røyndomen hamra på døra. Bukdahl visste
noko om denne røyndomen, han hadde ikkje
for ingenting levt sin barndom og ungdom i
Sør-Jylland. Han ville opne augo for dei
realitetar vi her måtte rekne med, vise fram
motsetnadene og serdraga i nordisk lynde
og tradisjon, og med desse for augo finne eit
litande grunnlag for nordisk samarbeid. Den
stad der han klårast og fyndigast uttrykkjer
meiningane sine om dette spørsmålet, er
kanskje ein artikkel i »Folkung» for 1938.
Der set han opp sitt nasjonalhumanistiske
program: »Styrken i nordisk Nationalfølelse
ligger i Styrken i den nordiske Kultur og dens
Fællesskab i medmenneskelige Ideer, der
løfter det hjemmegroede og stedgroede
udover Vækstbetingelserne og ind i et
mellemfolkeligt og verdensborger ligt Aandsliv.» Han
låner eit ord frå Olav Duun, og seier at det
nasjonale aldri må vera målet for eit folks
strev, men eit vokstervilkår. Det nasjonale
vinn ein fram til ved å vinne over det. —
Svenske lesarar vil finne same tankane, delvis
uttrykte med same ord, i ein artikkel om
»Norden i Litteraturen» i boka »Nordisk
gemenskap» (Stockholm 1940).
Nasjonalitet og humanisme, det er to ord
som går att i det meste av det Bukdahl har
skrive. I dei siste åra har det andre ordet
fått sterkare og sterkare trykk, under
inn-verknad av dei store hendingane i Europa og
Norden; men han har aldri slept fotfestet i den
nasjonale grunnen, har aldri tapt or syne
den tungsindige Jær-strand han første gongen
fekk auga på hin haustdagen i Ribe.
103
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>