Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
bøkene, — for skatter vi der har, naar vi berre kan
bruke døm!“
„Skulen min er til tenest, ikkje til tvang," sa han.
Dette ordet tok han uppatt ofte.
Nei, tvang og turre leksor var ikkje drivkrafta der.
Og endaa fekk han døm te aa arbeide, mest meir enn
døm hadde godt taa. Den einaste tvangen han øvde, var
den elden som strøymde ut og fyllte alle som kom
inn-aat’om. Han elektriserte døm. Alt han tok paa vart
levande.
La oss stanse lite her.
Er ikkje dette den rette maaten aa haide skule paa,
tru? Aat ungdom — og bonn med?
— Les i det nye testamente; um Jesus og
lære-sveinane hans, les med vet det som staar, og tenk vel
over, — og døk vil finne same læremaaten der.
Um vi hadde nokre slike no, taa denne aand, i
ung-domsskulen og baanskulen! Daa skulde det syne etter
arbeidet vaart meir enn det gjer. Vi er fraa gamalt flinke
juristar, eit stridshuga folk — har alder kunna vorte samde
— og no har vi kløyvt oss uppatt i samfundsklasser,
som minst taa alt tenkjer paa aa tene andre.
Aa, no treng vi riktigt aa ala fram ei slegt som fær
uppatt augo for det høge og det djupe i tilværet! Vi
kan ikkje stort meir no enn drepa ned gode tiltak og so
slaast um former og smaaparagrafer — um smaaplukk
so busta fyk. Og vi ser ikkje at øksa blinkar over oss!
Skal Noreg faa ei framtid, eller ikkje?
— Embret og Paal og Fredrik Haugen paa Seli vart
vekkte og sette i gang taa Krag ved storskulen hans. Og
Haakaasta’en, stortingsmannen, som Wergeland hadde
songje um:
„Se, der sidder Gudbrandsdalen
i en gammel gubbe graa!
Naar han reiser sig i salen,
hører alle fylker paa —“
A. Austlid: Salt.
11
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>