Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Skulereformation - I
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
~~7 Arne Garborg.
skaffe meir Skulerom. Men lovlegt overfyllte Klassur vilde
det bli der med. Og kor dyrt det er aa spara paa denne
Kontoen, det var tenkjande Kvinnur og Menn i seinare Tid
meir og’meir komne til aa tenkje etter. So er der daa ein
liten intelligent og modig Flokk som finn ut, at det vil løne
seg aa faa i Gang ein Skule som ikkje er överfyllt. Og den
Skulen bør daa i det heile vera godt skipa.
I Februar sendte 25 Borgarar Damur og Herrar, Skule
og andre Embættsmenn ut eit Upprop um Lot-teikning
til eit Reformlæreverk, som skulde freiste med slik ein Ny
skipnad. Upprope samla paa kort Tid ein større Sum enn
ventande var; Arbeide kunde daa straks og trygt bli sett i
Gang. Og det vart drivi med Kraft, so Skulen kunde bli opna
Hausten same Aare.
Skulestyrar var i den fyrste Tidi Dr. Arthur Bendix
son, ein dugande og gjæv Kar, som gjorde mykje godt Ar
beid. Rektoren no, Sven Lönborg, er like eins rette Man
nen paa rette Staden. Skulen som fekk Dimissjonsrett i
1905 hev tri Bolkar: ein Smaaskule, ein Millomskule, ein
Over skule; jamsides den siste, og mykje i Samarbeid med
den, er der eit Gymnas, for deim som vil gaa den akademiske
Vegen. Det som fyrr var den høgre Skulen, «Latinskulen»,
er soleis no eit Vedheng; høgre Aalmenndaning er det, Skulen
hev til Maa).
Dei Tankarne, Tiltake er bygt paa, var kort og klaart
framhaldne i Upprope, som i Festskrifte er prenta saman med
Upplysningar og Utgreidingar fraa 1911 (ved Skulestyre og eit
Tjug Lærarar av baae Kjøn); her fær ein daa Greie paa
baade Plan og Utføring. Det viser seg, at Planen i all Hovud
sak hev stade Prøva.
Det uforsvarlege ved overfyllte Klassur er i Upprope aal
vorsamt framhalde. Like eins det pædagogiske Grunn-Lyte
ved den vanlege Skulelærnaden: at det vert kravt for mykje
av Minne og Forstand, med’ andre Evnur fær lite Utvikling
og daa gjerne veks villt eller veiknar. En annan Grunnfeil
ved Skulen er, at han hev so meir enn nok med Upplærings
arbeide at han altfor mykje gløymer det Uppfostrar-yrkje
som han meir og meir lyt ta paa seg. Samstundes er han komen
so langt burt fraa Heimen, at det er lite Studnad han der
plar faa. Gjeng det daa som det kann med den aandelege
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>