- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
26

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Embetsmann og bonde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

26

ny-norsken på prent var eit framandt mål. Utan at
målmennene gådde det, sytte han for å få valt inn i
skulestyret nye folk som var imot «målet»; sjølv vart han medlem
av skulestyret. Meiningi var å få ny-norsken ut att.
Borni gret. Men agitasjonen millom dei vaksne gjekk
frå hus til hus.

Det vart ein kvass målstrid. På krinsmøte i alle
skule-krinsane møtte mann or huse. Gamle folk som ikkje
hadde born i skulen, avgjorde vedtaki. Men mange
foreldre som hadde skuleborn, røysta imot ny-norsken,
av personleg mot-hug. Eg minnest eg sa med ein far:
eg skynar ikkje at du vil røysta imot målet når du veit kor
glade borni er i det. «Eg hev kje noko imot at borni skal
læra det,» svara han, «det var for sjave meg eg stemde,
for eg skynar det ikkje!!»

Etter at fleirtalet på dei fleste krinsmøti hadde røysta
imot ny-norsken, kom saki uppatt i skulestyret.

Agitatoren skreiv til den gamle skuledirektøren i
Kristiansand og bad han møta. Eg tok imot han på
bryggja og bad han heim. Nei, han vilde bu på hotellet.
Eg bad han til middag, men han sa nei takk. Eg hadde
meste vondt av den gamle mannen. Då han kom til
møtet i skulestyret, la eg fram for han norske stilar av
skuleborn med 12 veker skule um året, eg synte kor godt
dei stila. I si skriftlege rettleiding til krinsmøti hadde han
sagt at «et sådant eksperiment vilde føre til tarvelige
resultater». Han tok uppatt dei same ordi i ordskiftet på
skulestyremøtet. Då eg so peika på stilane eg hadde synt
han, og meinte det var ikkje tarvelege resultat, svara han:
man kan ikke dømme efter så kort tid!!

Ved avrøystingi stod 8 mot 7.

Den eine røysti som avgjorde saki, gav til grunn:
sjølv er eg imot landsmålet, eg stemde imot påkrinsmøtet;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free