- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
44

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Eit år i Hardanger

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

44

ismen!» Møller var ei tid med-arbeidar i Traasdahls
blad «Fredsbudet».

Traasdahl hadde vore personleg ven av min far.
No førde han venskapen yver på meg. Og han var
fri-lynd og rom-tenkt nok til å tola mine meiningar, um han
ikkje var einig med meg.

#

So lyt eg nemna stortingsmann Nils Skaar, som eg
vart kjend med det året. Han hadde vore
folkehøgskule-lærar i Ullensvang hjå Johs. Helleland. Attåt tok han
bladstyret i det bladet som seinare fekk namnet
«Hordalands Folkeblad», det bladet som sørfjordingen
Oddmund Børve grunn-la og prenta i eige prenteverk. Det
var i det bladet Hjalmar Løberg skreiv eit stykke som
kosta han fleire månader fengsel, for «majestets-brot»;
eg minnest frå gutedagane i Bergen både då Løberg vart
dømd, då han vart hekta, og då han slapp ut; han vanka
mykje hjå gamle Maartman i «Maartmans hage», der eg
tidt var gjest.

Foredraget mitt um «Den norske folkekyrkja» gjorde
at Nils Skaar vart min ven. Han skreiv i bladet sitt eit
upprit av foredraget. Gamle Traasdahl kom og gratulera
meg med den umtala eg der fekk. Seinare vart eg kjend
med fru Skaar og dei tvo døtterne hennar, som var mine
elevar. Heile huslyden hadde fenge sin dåp på
folke-høgskulen.

Kan henda Skaar helst burde ha halde fram med
høg-skule-arbeidet ? I staden gjekk han heilt inn i politikken.
Men der fyllte han romet sitt med vyrdnad. Han var
sekretær i konstitusjons-nemndi i Stortinget. Han fekk
ord for å vera «en av Stortingets mest slepne penner».

Ungdomen i Kvam gjorde ög det året på Framnes

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free