- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
45

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Eit år i Hardanger

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

45

rikt for meg. Då eg skulde flytta, fekk eg ei varm helsing
frå Vikøy ungdomslag, ei helsing eg hev gøymt på.

Og so må eg nemna Ludvig Hope millom dei nye
venene mine. Han vitja meg på Lårdal prestegard sumaren
fyre; han tala i Lårdals-kyrkja på klingande ny-norsk.
Det er ikkje mange som hev gjort meir mun for nynorsk
mål-reising enn den klår-tenkte varmhjarta
lækprei-karen. På Framnes budde han straks attmed oss, i den
heimen han kalla «Aust-syn», det gamle namnet for
Øystese, der frua hans høyrde heime. Mykje godt hadde
Hope og eg saman. Um me ikkje alltid var einige, fekk eg
alltid vyrdnad for tankegongen hans. Eg hev alle dagar
vore glad i å høyra på han og lesa det han hev skrive. Frisk
og djup og djerv er kristendoms-forkynningi hans, og
heilnorsk! Etter ei ferd til Amerika vart han klår yver
dei store fyremunene som folkekyrkja hev framfor dei
små sekt-kyrkjene. Han hev difor, liksom fleire
indre-misjonsfolk på Vestlandet, halde fast på «statskyrkja».
Men han ser i folkekyrkja ein mindre-verdig tenar som
skal «bera vatn og ved» til Guds hus! og so kan
kristenfolket byggja huset på det kristelege og moralske grunnlag
som kyrkja hev skapt hjå bom og ungdom! Han hev ikkje
stor tru til at ei folkekyrkje kan skapa levande kristendom
Men ein saltfrisk forkynnar er han. «Eit ord i dag», som
han hev gjeve ut, høyrer framleides ril min daglege
lesnad.

#

Det var tregalegt at eg laut fara frå Framnes. Men alt
fyre jol fortalde Brandtzæg han hadde mist pengane sine.
Dermed rauk planen um utviding av ungdomsskulen.
«Og du vil vel ikke være forstander på misjonsskolen?»
Nei det var ungdomsskulen eg hadde sikta på. Eg vart då

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0047.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free