- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
63

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nasjonal godvilje

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

63

Yngvar Brun og eg budde på prestegarden. Det gjekk
ikkje godt. Brun øste seg upp: her må vi betale for at
dere skal ha målprofessor og målprester! «Me målmenn
svarar so mykje skatt at me greier dei utgiftene.» «Dere
betaler ingenting!» skreik han. Soknepresten la seg
imil-lom: mine herrer! det er best dere slutter med dette.

Dagen etter kom ordskiftet. Brun tala um dei «stakkars
barn i avsides bygder, der målmenn hadde innført
landsmålet og dermed stengt fremtiden for barna! det er for
deres skyld vi har stiftet riksmålsforbundet.» Eg tok ordet,
og sa eg kunde ikkje få inn i mitt hovud at forbundet var
skipa av den grunn. «Jeg forlanger å bli trodd på mitt
ord!» skreik Brun. «Brun kan taka det med ro, meinte eg,
eg sa eg kunde ikkje få det inn i mitt hovud. Grunnen til
forbundet ligg etter mi syn djupare: redsla for å koma i

atterleksa.» «På denne måten må jo vi lære av bøndene.»



Eit morosamt hende i årsmøte i Austmannalaget
fortel eg med same.

Professor Hægstad fortalde meg heile soga. Fyrste
dagen heldt Hægstad foredrag. Yngvar Brun var møtt
fram, og tok ordet: «Det er naturligvis interessant for prof.
Hægstad, som til daglig taler riksmål, å komme heropp
på landsbygden og knote på landsmål! men det er rystende
at han behandler en alvorlig sak så lettsindig! for det er en
meget alvorlig sak!» Det vart sagt med grav-røyst.
Hægstad la til: eg skynar ikkje den mannen! «Det er då Johs.
Brun op av dage!» Er han son til Johs. Brun? no skynar
eg mannen!

Andre dagen heldt Ivar Mortenson foredrag. Den
vetteren tok Mortenson praktikum. Han var soleis elev
av Yngvar Brun i lesing. Fyrste timen Brun fekk sjå

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0065.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free