- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
64

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nasjonal godvilje

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

64

Ivar millom elevane, fauk han på han: hvad vil De? «Eg
vil sjå um eg kan læra å lesa, so eg kan verta prest,» sa han.
Og dei vart fine vener. Etter foredraget av Ivar tok Brun
ordet: «Ja dette var noe annet og bedre enn det vi hørte
av Hægstad i går. Men, mine damer og herrer! de skulde
høre den mannen tale riksmål, da kan de tro han taler
enda bedre.» Ivar gjekk på talarstolen att, og la i veg:
«Eftersom herr kandidat Brun har givet mig attest for min
ferdighet i det såkalte riksmål, vil jeg ikke ’forholde
forsamlingen den fornøielse at erkyndige sig derom.» «Ja
men det er bra dette, frue», sa Brun høgt til fru Mortenson
som sat ved sida av han på fyrste benk. «Ja men det er
ingen som veit hoss mykje det leitar på meg!» sa Ivar.
Alle lo, Brun ikkje minst: den var godt turnert, sa han.

Brun hadde beint fram moro av striden. Men han
gjorde ikkje stor propaganda, endå han fekk folk på låtten.
Det er forvitnelegt at i Holmestrand gjekk rektor Fasting
misnøgd ut etter Bruns foredrag. Han hadde fyrr vore
motstandar av målstrevet. Men no gjekk han på Løvlands
mål-foredrag, og viste sin hjartelege samhug ved å nevast
med Løvland og takka han.

#

På eit pensjonat i ein av dalane våre tinga eg rom ein
sumar-månad. Kona mi kom dit fyrst. Ho skreiv til meg:
det er visst uråd at du bur på pensjonatet, her er 40
mål-fiendar! Millom andre var der ein bisp som hermde etter
eit Osloblad noko «landsmål» dei hadde laga på spet.
«Og slikt skal vi være nødt til å lære barna våre!» ropa han.
«Men kjære biskop,» sa kona mi, «dette er da ikke skikkelig
landsmål! det er noe som motstanderne har laget!» Au!
bispen drog seg attende. Han tenkte ikkje det fanst nokon
i pensjonatet på den sida.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free